For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Høge kraftprisar gjorde at Saudefaldene-eigar Orkla sin kraftdivisjon leverte eit driftsresultat på 631 millionar kroner i 4. kvartal.
Høge kraftprisar gjorde at Saudefaldene-eigar Orkla sin kraftdivisjon leverte eit driftsresultat på 631 millionar kroner i 4. kvartal.

Svakare resultat for Orkla – gode vasskraft-tal

Publisert Sist oppdatert

På førehand var det venta ei omsetning på 15,57 milliardar kroner i fjerde kvartal, opp frå 14,03 milliardar på same tid året før. Driftsresultatet auka med to prosent til 1,9 milliardar kroner, som følge av markant framgang for vasskraft, der konsernet eig kraftverk i Sarpsfoss og 75 prosent av AS Saudefaldene.

Likevel er det eit svakare resultat for daglegvaregiganten. Resultatet frå konsernet før skatt enda på 1,7 milliardar kroner, noko som var ein nedgang på 8 prosent.

– I 4. kvartal opplevde vi auka kostnader gjennom heile verdikjeda. Auka inflasjon og stigande rente har i dei fleste av marknadene våre redusert kjøpekrafta til forbrukarane, noko som igjen har lagt press på salsvoluma våre, seier konsernsjef Nils K. Selde.

Tysdag morgon la Orkla fram resultatet for fjerde kvartal.

Merkevareverksemda hadde ein vekst i fjerde kvartal på 13 prosent. Veksten var driven av prisaukar for å kompensere for høg kostnadsauke på energi, råvarer, emballasje og frakt, skriv Orkla i ei børsmelding.

I meldinga kjem det fram at styret i Orkla ønskjer å foreslå eit utbytte for rekneskapsåret 2022 på tre kroner per aksje.

Orkla er ein av Nordens største produsentar av daglegvarer, og har merke som Sætre, Stabburet, Nidar og Idun.

(NPK)

Powered by Labrador CMS