Nordea åtvarar mot SMS-svindel, eller såkalla smishing.
Heiko Junge
Svindelekspert åtvarar mot ny metode
Denne veka får mange skattemeldinga for 2024. Det er eit høve som svindlarane veit å nytta seg av.
Det nye den siste tida er at svindlarane først sender SMS, deretter ringjer for å åtvara om den falske sms-en, fortel Nordeas svindelekspert Marte Pernille Gran Nykaas.
– I denne samtalen kan svindlaren gi seg ut for å vera til dømes politiet eller banken din og varsla deg om at meldinga du nettopp fekk, er svindel.
I både telefonsvindel og SMS-svindel, såkalla smishing, er ofte målet til svindlarane å få tak i personleg informasjon som BankID eller kortdetaljar.
Eksperten har fleire råd for å unngå å hamna i fella. Skrivefeil og dårleg språk kan vera eit teikn på svindel. Eit anna er om du blir beden om å oppgi personlege detaljar.
– Stopp, det hastar ikkje, tenk – det kan vera svindel. Snakk med ein ven om du er i tvil, det kan hende dei ser noko du ikkje ser.
Viss uhellet er ute, må du sperra BankID og kortet så fort som mogleg, men ofte vil banken erstatta ukjende transaksjonar.