Thomas skal på slottsmiddag
– Nå må eg stryka skjorta, skaffa meg ein ny dress eller låna meg ein bunad, seier 22-åringen.
I mars deltok saudabuen Thomas Karbøl Oxaal i paralympiske vinterleikar i Kina, der han og lagkameratane hans tok bronse på langrennsstafetten. Tysdag denne veka tikka det inn ein e-post til Thomas, frå Hans majestets kongens hoffsjef. I den stod det: H. M. Kongens hoffsjef har ifølge befaling den ære å innby Thomas Karbøl Oxaal til middag på det kongelige slott torsdag 12. mai 2022 kl. 20.00».
Gler seg
Thomas Karbøl Oxaal innrømmer at han ikkje blei så veldig overraska.
– Dette er vanleg etter PL. Det var jo litt usikkert på grunn av pandemien, men veldig kjekt at det blir gjennomført i år, seier han.
Ifølge invitasjonen er kleskoden anten mørk dress, smoking eller bunad.
– Dressen eg har er både utdatert og for liten. Så enten må eg kjøpa ny, eller så får eg låna meg ein bunad. Ein skal ikkje sjå vekk frå at eg gjer det, seier han.
– Og slottsmat» er du klar for?
– Jada, det blir nok svært god mat. Det nyttar ikkje å vera kresen eller klaga på maten der!
Fjerna gallblæra
I går, onsdag, var det to veker sidan Thomas opererte vekk galleblæra. Bare det siste året har galleblæra hans vore betent sju gonger, noko som har gitt han store smerter og oppkast. Det blei konkludert med at det beste ville vera å fjerne heile galleblæra.
– Når ein har problem med galleblæra kan ei løysing vera å gjera store livsstilsendringar med meir trening og betre kosthald, men eg føler eg ikkje hadde så mykje å gå på der, iallfall ikkje som ville ha gagna» galleblæra, seier han.
Sauda – Oslo – Sauda – Oslo
I påsken skal Thomas både på hytta i Egersund og heim til Sauda.
– Eg skal faktisk vera ein del i Sauda nå framover. Eg skal trekka eit par tenner i Sauda. Greitt å få unna alle slike operasjonar off-season»!
I starten på mai må 22-åringen til Oslo, for å delta på mediedagane» til skiforbundet.
– Ny kleskolleksjon, fotografering og møte med sponsorar, forklarer han.
Deretter drar han tilbake til Sauda igjen, blant anna for å delta i konfirmasjonen til broren, Teodor.
Så blir det Oslo igjen, for middagen med dei kongelege og dei andre PL-deltakarane 12. mai.
- mai vil han feira i Sauda.
Thomas Karbøl Oxaal er til vanleg student på Lillehammer.
– Eg har toppidrettsstatus, og har derfor mulegheit til å tilpassa studiane mine til idrettskarrieren. I vinter, med fullt fokus på PL, har eg ikkje fått brukt tid på studiar. Men til hausten skal eg fortsetta med bachelor-studiet innan organisasjon og leiing, forklarer han.