Tøffe tak og siger til handballspelarane
Som i fjor var det fullsett på tribunen i Saudahallen då fotballens B-lag spelte mot handballseniorane i årets showkamp.
Etter to uavgjorte oppgjer, var det fotballspelarane som i fjor trekte det lengste strået i ein svært så hardspelt showkamp. Det var dermed spenning rundt årets showkamp mellom rivalane i fotball- og handballgruppa. Kven skulle i år gå sigrande ut av bataljen i Saudahallen?
– Det var bokstaveleg talt kamp og harde tak frå første avkast, og dessverre resulterte det i brekte ribbein og dermed ein spelar mindre på fotballens B-lag framover, fortel sportsleg leiar i handballstyret, Anne Catrine Hovland.
Ho fortel at det denne gong var handballseniorane som var eit nivå for store for fotballspelarane. Det enda dermed med handballsiger 17-12 denne gong.
– Det var godt lagspel og gode redningar i begge retningar, rett og slett mykje show for pengane. Janne Hugdal gjorde det også kjent at dette var hennar siste kamp som trenar for handballseniorane, og ho blei heidra med applaus frå spelarar og publikum, fortel Hovland.