PANSRET OPPKLARINGSTROPP Grindheim T P2

Tollef blir proff soldat i Litauen

20-åringen tar i august del i Nato sine militære styrkar i Litauen.– Oppdraget fekk endå meir betydning etter at krigen i Ukraina braut ut, fortel Tollef Grindheim.

Publisert Sist oppdatert

Heilt sidan 2016 har Nato hatt eit forsterka nærvær i Baltikum og Polen. Det norske bidraget inngår i ein tyskleia multinasjonal bataljonstridsgruppe i Litauen. Det første norske bidraget stilte våren 2017. Den nåverande styrken skal vera i Litauen til august. Dei blir erstatta av ein ny norsk tropp, der saudabuen Tollef Grindheim er med, som fotsoldat og speidar.

Søkte før krigen

Tollef Grindheim, som fram til i fjor var ungdomsrådsleiar i Sauda, begynte i militæret i august 2021. Sidan då har han vore stasjonert ved Setermoen militærleir i Bardu kommune. Grindheim er ferdig i militæret i sommar, men i vinter søkte han om å få bli med på Nato-oppdrag i Litauen. Dette var før Russland gjekk til angrep på Ukraina, og mens den massive russiske oppbygginga rundt Ukraina pågjekk for fullt.

– Det var litt skummelt det døgnet det smalt i Ukraina, ja. Eg var heime i Sauda på perm, og det var rart å vakna opp til full krig mellom Russland og Ukraina. Det var då ikkje klart kven som skulle få reisa til Nato-oppdraget, fortel Grindheim.

Det russiske angrepet på Ukraina skjedde natt til 25. februar.

Positivt innstilt

I april blei det klart at den 20 år gamle saudabuen er ein av dei utvalde til å utgjera den norske Nato-styrken i Litauen i eitt halvår, frå og med august 2022.

– Dei heime synest nok det er litt skummelt, spesielt bestemor. Men det er ikkje krig i Litauen, eg trur nok at dette skal gå heilt fint, seier 20-åringen blidt.

Han presiserer at det ikkje er ein garanti for at det er eit ufarleg oppdrag han skal ut på.

– Skulle det skje noko i Litauen, er me ikkje bare til pynt. Me har ei viktig rolle i landets forsvar, forklarer han.

Den norske styrken har basen sin i byen Rukla, ni mil utanfor hovudstaden Vilnius.

Testar soldatlivet

Grindheim fortel at han stortrivst i militæret.

– Som alle andre synest eg det gjekk litt trått i begynnelsen, det er alltid tungt å komma seg gjennom rekrutt-tenesta. Men etter dette har det bare blitt kjekkare og kjekkare. Eg har ennå ikkje bestemt meg for om eg vil satsa på ein karriere innan forsvaret. Derfor er det bra å få testa ut det å vera proff soldat gjennom dette Nato-oppdraget, forklarer han.

For, Nato-oppdraget er ikkje ein del av militærtenesta. I dette oppdraget i Baltikum er Grindheim profesjonell soldat med løn.

Har speidaroppgåve

I løpet av militærtenesta si så langt har Tollef Grindheim tatt eit patruljeringskurs og er nå fotsoldat og speidar.

– Det er eg som går fremst og vel kva rute me skal ta når me er ute, fortel han.

– Erfaringa frå Sauda o-klubb kjem vel med?

– Det er ei god stund sida er var aktiv der, men eg fekk interessa der frå far min, og det var litt derfor eg valde å ta dette kurset. Det er jo slikt eg føler eg kan og liker, forklarer han.

Mest jobb

Kva pakkar ein med seg når ein skal til Litauen på oppdrag for Nato?

– Kun militærklede, eller blir det også noko privatliv der?

– Me er der på oppdrag 24 timar i døgeret, med blant anna alkoholforbod, men elles er det vanleg arbeidstid seks dagar i veka. Eg trur likevel at eg stort sett bare tar med meg militært utstyr. Eg tenker at me får god tid til trening på oppgåvene våre. Men me får også permisjonar, så eg håpar på at eg kan få komma heim til jul, seier Tollef Grindheim, som reknar med at Nato-oppdraget hans er avslutta innan han rundar 21 år i februar neste år.

Powered by Labrador CMS