Tommel opp for millionstøtte til Folkeheisen
Ryfylkefondet godkjende fredag si største enkeltløyving nokon gong – 15 millionar kroner – til Folkeheisen AS i Sauda.
– Dette er så bra, sprudlar dagleg leiar Kristian Landro i Folkeheisen AS etter at styret i Ryfylkefondet fredag har vedtatt å støtta prosjektet med 15 millionar kroner. Tilskotet blir gitt under fleire føresetnader, mellom anna at anlegget er fullfinansiert.
Saman med intensjonsavtalar og løyvingar frå Innovasjon Norge og Sparebankstiftelsen Sauda er dermed om lag ein tredel av gondolprosjektet i Svandal finansiert, eit prosjekt som grunna prisstigninga har blitt monaleg dyrare enn då planane såg dagens lys i 2020.
– Det var heilt rett det Ryfylke skreiv i tysdagsavisa, i dag var ein D-dag for heile prosjektet. Pengane frå Ryfylkefondet er heilt avgjerande, slår Landro fast.
Søker vidare
Stadfestinga av at det regionale kraftfondet vil bidra med 15 millionar kroner gjer ifølge Landro at Innovasjon Norge og banken er positive til å vera med på finansieringa av gondolbanen.
– Dette tilskotet gjer at me er på sporet og kan arbeida vidare på prosessen me er i, forklarer Landro, og legg til at lånefinansieringa ikkje blir søkt om før ein veit heilt sikkert at det blir bygging.
– Kva skjer vidare med omsyn til finansiering?
– Me kjem til å søka fleire instansar om midlar. Både SR-Bank-stiftelsen og Ulla-Førre-fondet står for tur, opplyser han.
– 15 millionar kroner – det er mykje pengar?
– Det er det. Etter kva eg kjenner til er dette den største enkeltløyvinga Ryfylkefondet har gjort nokon gong, seier en glad dagleg leiar i Folkeheisen AS, Kristian Landro.