Tora Tenden (56): – Held framleis kontakten med tre-fire venner eg vaks opp med
Eit lite, men svært dyktig skiskyttarmiljø vaks fram under oppveksten til Tora Tenden i Sauda. Unge Tora blei med. Da ho var ferdig med ungdomsskulen tok ho idrettsfag med skiskyting som spesialisering, ved vidaregåande skule på Fagernes. I 1981 blei ho junior-norgesmeister i skiskyting. To år seinare blei det NM-sølv.
Tora Tenden, 56 år
Før: Junior-norgesmeister i skiskyting frå Sauda
Nå: Sjølvstendig næringsdrivande i Trondheim
Kva gjer du nå?
Nå bur eg i Trondheim. Eg heldt på med skiskyting fram til 1985. Da blei skøyting introdusert i skiskytinga. Korsbåndskade og skøyting gjekk ikkje bra saman. Derfor gav eg meg. Eg øydela korsbåndet under fotballspeling. Eg har alltid vore ei guttejente. Da eg vaks opp var eg på løkka og spelte fotball med gutane.
Etter skiskytinga begynte eg å studere til sivilingeniør på NTH i Trondheim. Eg utdanna meg innan telekom og blei buande i Trondheim etterpå. I ti år var eg assisterande IT-direktør i Telenor. Deretter begynte eg å jobbe som arbeidande styreleiar i Etis, som er eit globalt IT-samarbeid innan telekommunikasjon. Da hadde eg kontor i Brüssel, men eg fortsette å bu i Trondheim. Eg pendla til Brüssel i 15 år. Nå er eg sjølvstendig næringsdrivande. Blant anna har eg ein del styreleiarverv og eg tar på meg ein del konsulentoppdrag.
Eg går framleis mykje på ski. Enten ved hytta på Storlien ved svenskegrensa, eller i Bymarka i Trondheim. I tillegg elsker eg å reise. Asia er favorittkontinentet mitt og Vietnam er favorittlandet mitt. Eg er også glad i gode middagar med god drikke til. Trondheim har blitt ein Michelin stjerne-by med fleire gode restaurantar.
Kva hugsar du frå Sauda?
Sauda er eit eldorado å vekse opp i. Det er ein fantastisk stad. Me hadde hytte i Ilstadvika, 15 kilometer frå Sauda. Der var me svært mykje under oppveksten min, nesten kvar helg etter at snøen var vekke. Eg har nesten ikkje vore i Sauda etter at eg flytta derfrå. Eg har ikkje familie i Sauda, men eg og mamma var der for tre år sidan. Da budde me på Kløver Hotel og var og åt Bostonkake på Brynes Konditori. Eg held framleis kontakt med tre-fire venner eg vaks opp med i Sauda.