Torfinn gir seg som LVK-leiar etter ni år
– Nå skal eg ut på jobbjakt, seier saudabuen.
Torfinn Opheim var ordførar i Sauda da han vart valt inn på Stortinget for Arbeidarpartiet. Etter åtte år på Stortinget gjekk han over i jobb som LVK-leiar. Dermed fortsette han pendlarlivet sitt mellom heimen sin i Saudasjøen og kontor i Oslo. I slutten av august går han av som leiar for Landssamanslutninga av vassdragskommunar (LVK).
– Da har det vore 17 år med pendling, konstatere saudabuen.
Men han presiserer at det ikkje er på grunn av pendlinga mellom Sauda og Oslo at han ønsker å gi seg.
– Det er ei tid for alt. Nå ønsker eg å gjere noko anna.
Har ikkje jobbplanane klare
Men kva 61 år gamle Torfinn Opheim skal gjere frå hausten av, veit han ikkje.
– Eg har ikkje fått så mykje tid til å tenke på det. Timeplanen min er ganske full, men eg håper å få litt meir tid til å gå i tenkeboksen.
Han opplyser at den nye jobben ikkje må vere i Sauda, sjølv om han har hus i Sandvikåsen.
– Men dersom den nye jobben kan vere geografisk nærare Sauda, så hadde det vore behageleg.
I ein alder av 61 år har han ikkje lyst å begynne å tenke på pensjonistlivet.
– Eg føler at eg fortsatt har noko å gi. Eg har etter kvart bygd opp eit stort kontaktnett, seier Opheim, optimistisk til at det vil dukke opp ein ny jobbmulegheit.
– Ja, snakkar me First House nå?
– Haha, nei det gjer me ikkje!
– Men gir ni år som LVK-leiar deg ein fallskjerm?
– Hahaha! På ingen måte. Eg skal love deg at arbeidskontrakten min er så ”plain” som den kan vere.
Har opplevd mange ”angrep”
Han synest det har vore ein veldig interessant jobb å vere LVK-leiar.
– I første omgang har jobben handla om å pleie medlemskommunane i LVK, pluss ha kontakt med styresmaktene.
Han legg ikkje skjul på at det har vore mange ”angrep” på rettane til vassdragskommunar.
– Det har vore viktig å forsvare at kraftkommunar skal ha noko igjen for å stille naturressursane sine til rådighet. Det skal vere levande distriktskommunar og spreidd busetting i Norge.
Den største enkeltsaka han har jobba med som LVK-leiar var Sanderud-utvalet sin rapport, der det i 2019 blei føreslått at kraftinntektene skulle bli overført til staten, som igjen skulle dele ut pengane gjennom ein ny modell.
– Der mobiliserte LVK-kommunane stort. Regjeringa fekk etter kvart så mykje motstand at dei la rapporten ned i ein skuff.
Avviser ordførar-comeback
Sjølv om Opheim skal finne noko nytt å gjere nå, er han tydeleg på éin ting:
– Eg har absolutt ingen ambisjon om å bli ordførar.
Eitt år før det er kommuneval er det med andre ord ikkje duka for eit comeback som ordførarkandidat på Torfinn Opheim.