Fleirtalet av befolkninga vil helst ha offentleg fyrverkerioppskyting. Illustrasjonsfoto.
Fleirtalet av befolkninga vil helst ha offentleg fyrverkerioppskyting. Illustrasjonsfoto.

Tre av fire ønskjer forbod mot fyrverkeri viss kommunen arrangerer offentleg fyrverkeri

Publisert Sist oppdatert

Nesten tre av fire ønskjer forbod på privat fyrverkeri viss kommunen arrangerer eit offentleg fyrverkeri, viser ei ny undersøking.

Undersøkinga er gjennomført av Norstat på vegner av Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO).

72 prosent, nesten tre av fire, er heilt samd eller noko samd at det er rett å forby privat fyrverkeri på nyttårsaftan viss kommunen arrangerer eit offentleg fyrverkeri.

– NITO har mange medlemmer som jobbar i brann- og redningsetatane rundt i landet. Dei rykkjer kvart år ut til ulykker og brannar som følgje av fyrverkeriulykker på nyttårsaftan. Eg støttar eit forbod fordi folks helse og tryggleik kjem først, seier president i Nito, Kjetil Lein.

I undersøkinga svarer 38 prosent at dei er heilt samde i at kommunalt dronefyrverkeri er eit betre alternativ enn vanleg fyrverkeri.

– I år arrangerer Oslo kommune eit lysshow med laser i staden for fyrverkeri. Det er meir trygt, miljøvennleg, og det er skånsamt for dyra, seier Lein.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS