For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Ny studie viser at sjølv små mengder fysisk aktivitet kan vere nok til å verne den aldrande hjernen.
Ny studie viser at sjølv små mengder fysisk aktivitet kan vere nok til å verne den aldrande hjernen.

– Trening gir hjernen ein sunnare alderdom

Publisert Sist oppdatert
NTNU-forskarane Ulrik Wisløff og Atefe R. Tari har i lag med forskarar frå Queensland Brain Institute sett på samanhengen mellom fysisk aktivitet og hjernehelse.

Studien, som er publisert i det medisinske tidsskriftet The Lancet, viser at også hjernen har godt av fysisk aktivitet.

– Fysisk aktivitet står fram som eit av dei mest lovande tiltaka me har for å førebyggja kognitiv svikt og demens, seier Tari.

Artikkelen viser korleis fysisk aktivitet påverkar betennelse, blodgjennomstrøyming, immunfunksjon, hjerneplastisitet og frigjering av vernande molekyl i blodet – prosessar som blir svekte med alderen og bidreg til utvikling av nevrodegenerative sjukdommar.

Forskarane meiner helsemyndigheitene må oppdatere råda sine om fysisk aktivitet og inkludere mikrotrening, så mellom 50 og 70 prosent av befolkninga ikkje når aktivitetsråda.

– Dagens anbefalingar legg vekt på mengd, men me ser at også små dosar med høg intensitet har stor effekt på hjernen. Det bør kommuniserast tydelegare, seier Tari.

Powered by Labrador CMS