For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Straumprisen i andre kvartal vart nærmast uendra.
Straumprisen i andre kvartal vart nærmast uendra.

Uendra straumpris i andre kvartal

Publisert Sist oppdatert
Prisen hushalda måtte betale, inkludert avgifter, nettleige og straumstøtte, var på 143,5 øre/kWh i andre kvartal, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette er marginalt ned frå 143,8 øre/kWh i første kvartal, men eit godt stykke unna toppane i fjerde kvartal 2021 og 2022, då prisen var på høvesvis 164,8 og 162,2 øre/kWh, ifølgje byrået.

– Etter ein periode med veldig låge straumprisar i 2020 auka prisen kraftig i både 2021 og særleg 2022. I første kvartal i 2023 sokk straumprisen for hushald med 11 prosent, men no har altså prisutviklinga flata ut, seier rådgivar Ståle Skrede.

Prisen for andre kvartal vart dermed 30,7 prosent høgare enn gjennomsnittleg pris for andre kvartal for dei siste fem åra.

– Det er viktig å påpeike at prisane som her blir oppgitte er gjennomsnitt for heile landet. Det var store prisvariasjonar mellom prisområde i Noreg, og særleg mellom Sør- og Nord-Noreg. Prisane i andre kvartal var høgare i dei tre sørlegaste prisområda enn i prisområda i Midt- og Nord-Noreg, seier Skrede.

Powered by Labrador CMS