For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Mild vinter og stabil straumpris påverkar vedmarknaden.
Mild vinter og stabil straumpris påverkar vedmarknaden.

Vedforhandlarar opplever halvert sal frå i fjor

Publisert Sist oppdatert

Hos Viuno i Nedre Glomma er salet halvert samanlikna med same tid i fjor,skreivFredriksstad Blad i oktober.

Mange kundar har ved til overs frå den milde vinteren i fjor, i motsetnad til vinteren 2023–2024 som var kald og lang. Dette har ført til kraftig redusert etterspurnad.

– Det har vore som å slå av ein brytar. Salet hittil i år er nok halvert i forhold til i fjor på same tid, seier Espen Winther Knutsen, dagleg leiar hos Viuno, til Fredriksstad Blad.

Noregspris, med føreseieleg og truleg lågare straumpris, kan føre til varige endringar i vedforbruket. Store kjeder dumpar småsekker i marknaden, og prisane vert pressa nedover.

– Vi tapar jo ein del pengar på salssvikten. Om blant anna noregspris fører til meir permanente endringar i vedforbruket i Noreg, må vi ta grep og endre arbeidsoppgåver, seier Knutsen.

Powered by Labrador CMS