Det er godt å varme seg framfor peisen i sprengkulda.
Norsk Varme
– Vedfyring viktig for norsk energiforsyning
Det er varsla sprengkulde fleire stader her i landet dei neste dagane. Vedfyring blir heilt avgjerande for å halde varmen, meiner organisasjonen Norsk Varme.
– Mange nordmenn er nok ikkje heilt klar over kor viktig vedfyring er for energiforsyninga her i landet, spesielt i periodar med hard kulde, seier Øyvind Stranna Larsen, fagansvarleg i Norsk Ved Forum i ei pressemelding.
Ifølgje ei undersøking gjennomført av Norstat for Norsk Varme, bransjeforeininga for miljøvenlege eldstader og skorsteinar, bur rundt 3,6 millionar nordmenn i ein heim med eldstad. I tillegg tel vi cirka 450.000 hytter og fritidsbustader der det i hovudsak blir fyrt med ved.
– Vi nordmenn er glade i vedfyring, ikkje minst når kulda slår til og straumprisane er på sitt høgste. Eldstader sørgjer for at folk kan velje vedfyring som alternativ til straumoppvarming. I tillegg gir det god beredskap når straumen sviktar, seier Brede Børud, styreleiar i Norsk Varme.
I dei oppdaterte beredskapsråda til nordmenn sa DSB-direktør Elisabeth Aarsæther at folk bør vere førebudde på å klare seg utan straum i ei veke.
– Det er viktig å vere klar over at vedomnane har svært stor varmeeffekt. Vedfyring reduserer derfor belastinga på straumleidningane og er særleg viktig i ekstra kalde periodar. For det er sterk belasting på straumnettet i hardkulde, seier Stranna Larsen.
(NPK)