Kjetil Aartun er fornøgd med sommarhandelen. Han fortel om vekst i 2023, og om bra besøk på Companiet så langt denne sommaren.
Kjetil Aartun er fornøgd med sommarhandelen. Han fortel om vekst i 2023, og om bra besøk på Companiet så langt denne sommaren.

Vekst i sommarhandelen

Tala for sommarhandelen i juli og august 2023 visar sterk vekst i Rogaland. I Sauda stod sommarhandelen for 16,7 prosent av den totale årsomsettinga.

Publisert Sist oppdatert

I saudagatene har sommarvarmen kome tilbake denne tysdag føremiddagen. Sola har vore litt fråverande dei første dagane av juli, så det er ikkje så mange som vil bruke denne finvêrsdagen til å gå i butikkar. I kasseområdet inne på Companiet er imidlertid stemninga god.

Nokre svenske turistar er på veg ut etter litt impulshandling. Dei rekker å skryte av den fine naturen dei har sett i Sauda, før dei trakkar vidare på sin handletur i sentrumsgatene. Butikkeigar Kjetil Aartun fortel at det vanlegvis er labert sommarvêr som gir mest aktivitet i butikkane.

– I fjor var sommarhandelen bra. Det tok seg godt opp etter at koronatida var bak oss, og det var berre julehandelen i november og desember som gav betre sal hos oss, fortel han til Ryfylke.

Aartun opplyser vidare at det er mange norske turistar som er innom nå på sommaren.

– Bubilane begynner å kome til Sauda allereie i mai, med ein del tyskarar og nederlendarar, i tillegg til dei norske. Vi opplever også denne sommaren at det er bra besøk, så vi er fornøgde, seier Aartun.

– Kraftigare vekst

Tal som sist veke blei presentert av NHO Service og Handel, visar at handelsnæringa generelt opplevde sterk vekst i sommarmånadane i 2023. I Rogaland blei det omsett varar for omlag 7,7 milliardar kroner i Rogaland. Det utgjer 16,5 prosent av den totale varehandelen, og er ei auke på 5,1 prosent mot året før. Det er kraftigare vekst enn gjennomsnittet for Norge.

I Sauda viste tala ei omsetting på 16,7 prosent i sommarmånadane juli og august. NHO Service og Handel opplyser i ei pressemelding om sommarhandelen at dei forventar at nordmenn og turistar vil legge igjen 92 milliardar kroner i norske butikkar i løpet av juli og august i år.

Svekka krone

I Rogaland er det fleire hyttekommunar blant kommunane med høgast andel omsetting i juli og august. Hjelmeland er den einaste kommunen der sommarhandelen utgjer meir enn 20 prosent av omsettinga.

I Sauda blei det totalt omsett for 76 millionar kroner i juli og august 2023, visar tala, som er henta frå Statistisk Sentralbyrå. NHO Service og Handel spår at også årets sommarhandel vil stå for piler som peiker oppover samanlikna med i fjor. Noko av årsaka er at fleire vil velge norgesferie på grunn av den svekka krona og redusert kjøpekraft, samtidig som den svekka krona gjer Norge til eit attraktivt ferieland for utanlandske turistar.

Powered by Labrador CMS