Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Brannvernsforeininga oppmodar til bruk av vernebriller på nyttårsaftan.
Brannvernsforeininga oppmodar til bruk av vernebriller på nyttårsaftan.

Viktige råd for nyttårsaftan

Publisert Sist oppdatert

Nyttårsfeiringa er ofte knytt til fyrverkeri, og kvart år ser ein døme på at ikkje alle forstår korleis dei skal nytte fyrverkeri på ein trygg og sikker måte.

Det skriv Brannvernforeininga i ei pressemelding.

Etter nyttårsfeiringa årsskiftet 2022/2023 vart det rapportert inn over 71 uønskte hendingar.

31 av hendingane var personskadar og 10 av desse var augeskadar. Tre fekk så alvorslege augeskadar at det er forventa at dei vil oppleve stor synsreduksjon.

Berre to av personane nytta vernebriller på tidspunktet dei vart skadde. Bruk av vernebriller kunne ha bidrege til å redusere skadeomfanget.

– Vi oppmodar også i år publikum til å bruke vernebriller ved oppskyting av fyrverkeri. At nokon vel å la vere å bruke vernebriller og såleis gamble med synet sitt er vanskeleg å forstå, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Brannvernforeininga.

I tillegg rår brannvernsforeininga om å førebu oppskytinga i god tid medan det framleis er lyst og før festen startar, og dessutan å ikkje vere ruspåverka under oppskytinga.

Ein bør òg sørgje for at fyrverkeriet ikkje kan velte, bruke tennstav mens ein sit på huk, tenne lunta og gå.

Brannvernsforeininga tilrår å ikkje tenne fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk.

(NPK)

Powered by Labrador CMS