– Tobakksbruk er ei av dei viktigaste årsakene til tidleg død og sosiale helseforskjellar i Noreg, derfor må vi redusere bruken av tobakk, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
NPK
Vil forby e-sigarettsmakar
E-sigarettar er det mest populære hjelpemiddelet viss nordmenn skulle bestemme seg for å slutte å røykje, viser ei undersøking som forskarar ved Folkehelseinstituttet har utført. Samtidig vil regjeringa no forby e-sigarettar med frukt- og bærsmak, skriv Forskning.no.
I Noreg er e-sigarettar forbode å omsetje, men i 2016 vedtok Stortinget å oppheve forbodet mot nikotinhaldig væske, som e-sigarettar inneheld. Men dette blei aldri gjennomført.
– Må reduserast
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol foreslår no å setje i verk opphevinga av forbodet mot nikotinhaldige e-sigarettar, men forby smakane. Det vil berre vere lov å selje e-sigarettar med tobakkssmak.
– Tobakksbruk er ei av dei viktigaste årsakene til tidleg død og sosiale helseforskjellar i Noreg, derfor må vi redusere bruken av tobakk. Vi ønskjer å innføre forbod mot nettsal av tobakkssvarar og e-sigarettar for å hindre sal til mindreårige, skriv pressevakta i departementet på vegner av statsråden.