Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Prisen på torsk er høg i utlandet, no vil politikarar i SV og Raudt ha slutt på at turistar tek med seg fisk ut av Noreg. Illustrasjonsfoto.
Prisen på torsk er høg i utlandet, no vil politikarar i SV og Raudt ha slutt på at turistar tek med seg fisk ut av Noreg. Illustrasjonsfoto.

Vil ha totalforbod mot at turistar tek med fisk ut av landet

Publisert Sist oppdatert

– Noreg er det einaste landet i verda der turistar kan komme på fiskeferie og ta med seg store mengder fisk ut av landet, seier Fylkesnes til NRK.

I dag kan ein utanlandsk person ta med seg 18 kilo fisk ut av Noreg to gonger i året. Fylkesnes ønskjer eit totalforbod mot at utanlandske turistar skal få ta med fisk når dei reiser heim.

Tollvesenet har åtvara om auke i smugling av fisk over grensene. I første halvår av 2024 har Tolletaten gjort 42 beslag av nærare 7,6 tonn fisk, opplyser Tollvesenet til NTB. Til samanlikning vart det beslaglagt totalt 5,9 tonn fisk i heile 2023.

Tollvesenet har også dokumentert at ulovleg fiske går føre seg organisert og meiner også at utanlandske kriminelle driv ulovleg fisketurisme.

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen har også stilt seg kritisk til utførsel av fisk på turistkvotar. Ho ønskjer også å få greidd ut eit totalforbod.

– På denne måten kan turistane fiske når dei er på ferie i Noreg, men utan å få ta med filet ut av landet. I tillegg ønskjer vi å fremje forslag om arealavgrensingar slik at yrkesfiskarane og turistfiskarane ikkje skal trenge å kjempe om same havområda, seier ho til Nordlys.

(NPK)

Powered by Labrador CMS