NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Auksjonarius Tommy Listøl og mannekengen Aud Alhaug.

150 kjolar auksjonert bort

Damer og kjolar. Det er noko med det. Nokre damer går i kjole kvar dag mens andre har du aldri sett i dette plagget. Uansett – kjoleauksjon er kjekt for mange og det blei fort god stemning då Sauda Sanitetsforening igjen arrangerte auksjon ein regntung fredagskveld i september.

Publisert Sist oppdatert

Lang tid i førevegen var det meste planlagt, men det er alltid store usikkerhetsmoment. Ville me få inn kjolar? Ville det komma inn kjolar som verkeleg stråla og glitra eller hadde ei spennande historie knytt til seg? Ville folk melda seg på?

Mannekengane Anne Kristine Lie-Nilsen og Kjersti Fløgstad.

Heldigvis kan me svara ja på alt dette. Tusen takk til dei som leverte rundt 150 kjolar til oss. Mange av desse fekk nye kvinnekroppar å dansa rundt eller dei blir sydd om til andre plagg. Damene leita etter moderne kjolar, fine stoff, den som var litt spesiell eller den ein ville ha til julefesten.

I starten var damene litt tilbakehaldne og boda beskjedne, men etter kvart tødde dei opp og baud. Det nådde sjeldan dei heilt store høgdene, men nokre spennande bodrundar blei det. Mannekengane gjorde ein god presentasjon på scenen der dei utmerka seg med både eleganse og stil og baud på seg sjølv. Kjole etter kjole hamna i ein rosa pose som ein av gjestene kunne ta med heim. Auksjonarius Tommy Listøl hadde vald ein nedtona klesstil denne kvelden, men til gjengjeld glitra det i vokale ytringar og han hadde tydelegvis greie på kjolar, stoff og stil og gjorde sitt til at kvelden blei innbringande.

Mannekengen Christina Lunde Hugdal.

Sauda Sanitetsforening takkar for alle bidraga til auksjonen. I år går overskotet til matkassar til saudabuar som treng litt ekstra før jul. Det har blitt ei årviss oppgåve å gå saman med andre foreningar i bygda, og bidra til ei litt varmare jul for alle.

Sauda Sushi bidrog med god mat og litt godt i glasa og var som vanleg på servicesida. I tillegg vil me gjerne takka både tilsette og frivillige på Folkets Hus for alt dei har hjelpt til med. Det er mykje som skal på plass til eit slikt arrangement, både hus, ekstra scene, bord, stolar, pynt og ballongar, lys og lyd. Ingenting gjer seg sjølv så tusen takk til alle som var med å få dette til, mest av alt damene som har samla inn kjolar, leika seg som mannekengar og organisert arbeidet.

Powered by Labrador CMS