NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Den første rydde-dugnaden Lillebekk-Kastfoss
I våre dagar høyrer me ofte at det er slutt på dugnadsanda, men det gjeld først og fremst dessertgenerasjonen som dessverre framleis trur at alle goder nærast blir servert automatisk på eit sølvfat.
Den ti-manns spreke dugnadsgjengen frå Mannfolk hadde nemleg ein snittalder på 70+ torsdag, men då reknar me ikkje med Håvard ordførar.
Arbeidslyst og humør var på topp i opphaldsvêr og fin temperatur, og ei to-timars økt viste godt igjen. Det er inspirerande å registrera at svært mange på tur denne dagen også nytta også høve til å rosa jobben som blir gjort. Det gjenstår fire organiserte dugnadsøkter som vil gjera stien lysare og meir fristande for alle.