NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Elin Tvedt sin historie handlar om eit liv med store bølgedalar og om å snu motgangen til å bli ein styrke.

Elin Tvedt (53) er klar for Zonta og Sauda

Den tidlegare vêrmeldaren, programleiaren og realitydetakaren slår eit slag for å «leva livet ærleg, utan filter og med fokus på medmenneskelege relasjonar».

Publisert

– Eg er klar for Sauda, ja, og eg gleder meg skikkeleg. Eg er alltid litt nervøs for at det ikkje skal komma folk, så eg håpar at folk vil komma. Eg og ungane var i skisenteret i Svandal nyleg og då måtte eg innom Sauda sentrum for å sjå kor Folkets Hus ligg, seier ølensbuen Elin Tvedt, tidlegare vêrmeldar, tv-programleiar og realitydeltakar.

 Deler eigne livserfaringar

Torsdag i neste veke inviterer Sauda og omegn Zonta-klubb til sitt årlege opne marsmøte, som vanleg i samband med kvinnedagen. I tillegg til at ein under møtet skal dela ut Ingeborgprisen til eldsjela Ellen Marie Saua, vil Elin Tvedt halda føredraget sitt «Sårbar styrke». Det blir sjette gongen Tvedt held føredraget sitt framfor eit publikum.

– Dette er noko eg har tenkt på i mange år. Eg føler at eg har noko å fara med nå det gjeld det å dela av eigne livserfaringar. Samtidig har eg alltid vore opptatt av psykisk helse, fortel ho.

Derfor valde ho å takka ja til å halda eit føredrag i Etne under verdsdagen for psykisk helse i fjor haust, eit føredrag som ho har fått strålande tilbakemeldingar for. I ei pressemelding som er sendt ut heiter det at «Elin brenner for mental helse, og er levende opptatt av å dyrke det uperfekte i en verden hvor Instagram rår, og alt og alle skal fremstå plettfrie. Hun slår et slag for å leve livet ærlig, uten filter og med fokus på medmenneskelige relasjoner. Elin deler åpent om sine utfordringer og hvordan hun har kjempet seg gjennom både personlige kamper, og på jobb i en krevende og til tider kynisk bransje. Sårt, ærlig og med en humoristisk snert tar hun publikum med på et mangefasettert liv, og drar samtidig veksler på rollen samfunnet, helsevesenet og media har når man står i kriser eller sykdom.»

Eg er opptatt av at me veit lite om kva som faktisk skjer i liva til dei rundt oss.

Elin Tvedt

 Humor og sjølvironi

– Eg fortel om meg sjølv, i kronologisk rekkefølge, frå eg var liten til i dag, og der eg til tider har hatt det ganske tøft. Eg er opptatt av at me veit lite om kva som faktisk skjer i liva til dei rundt oss. Det er nemleg ganske normalt å ha det vanskeleg. Då eg var liten trudde eg at alle andre levde perfekte liv og hadde det kjempebra. Nå veit eg at det ikkje er slik, seier ho.

Føredraget hennar blir elles skildra som «ei gripande fortelling om eit liv som ikkje alltid har gått på skinner, med personlege motbakkar og tunge tap».

Ho legg til at ho også bruker humor og sjølvironi i føredraget sitt.

– Ein må ha litt galgenhumor. Eg har fått gode tilbakmeldingar og det er så klart stas for meg, seier ho, som også skal halda føredraget sitt i Suldal.

 Engasjert ølensbu

Elin Tvedt blei landkjent på 1990-talet då ho begynte som vêrmeldar på Tv2. Seinare har ho blant anna vore programleiar for 71 grader nord og Frukost-TV på NRK. Ho har også deltatt i realityprogramma «Skal vi danse», «Farmen kjendis», 14 ukers helvete» og «Fire stjernes middag». I dag bur ho i Ølen, studerer til å bli sjukepleiar og jobbar som kommunikasjonstrenar i SpeakLab, i tillegg til t ho reiser rundt med føredraget sitt. Ryfylke har også erfart at Elin Tvedt har hatt ein finger med i arbeidet med å behalda hurtigbåtrutene i distriktet vårt.

– Ja, det stemmer. Det har vore ein lang kamp for å behalda hurtigbåten i Ølen og det gjekk bra til slutt. I den samanheng hadde eg god kontakt med Ryfylke og Sauda, då Ølen-rutene også påverkar innbyggarane i Sauda, seier ho.

Powered by Labrador CMS