NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Herborg Kråkevik er klar for Sauda
52-åringen møtte ein saudabu under eit elvecruice på Seinen. Artisten snakka velvillig om Sauda og om den komande konserten i Folkets Hus.
Det er tidleg i oktober og elva Seinen renn roleg frå Paris gjennom eit variert landskap til ho møter «Den engelske kanal». Saman med ei gruppe nordmenn er eg ombord i ein elvebåt som skal ta oss frå den franske hovudstaden til byen Rouen og tilbake igjen.
Med ombord på båten er også artisten Herborg Kråkevik, saman med sin eminente pianist Tove Kragset. I løpet av den sju dagar lange seglasen skal dei to underhalde oss privilegerte båtturistar med intime konsertar medan vi seglar på Seinen gjennom det franske landskapet.
Klar for Sauda
Herborg Kråkevik er inga primadonna. Ho tek seg tid til ein prat og stiller viljug opp til fotografering.
Når eg presenterer meg og ber om eit intervju er det smil og ja med ein gong. Herborg fortel at ho etter turen på Seinen skal ha ei rekkje konsertar i Noreg, mellom anna til Sauda der ho skal stå på scenen i Folkets Hus siste torsdagen i oktober.
– Eg ser verkeleg fram til å komme attende til Sauda, seier Herborg, og måten ho ordlegg seg på får meg til å tru på det ho seier.
– Du skjøner, eg har mykje å takke gilde saudabuar for, seier ho og ramsar opp fleire namn, mellom anna Anne Grete Hornerød, Ola E. Bø og Bjørn Eidsvåg.
– Dei har alle hjelpt meg på kvar sine måtar og bidratt til at eg har blitt den artisten eg er i dag. Å stå på scenen i «Storesalen» ser eg verkeleg fram til. Det er som det rislar historie gjennom kvar krik og krok, seier ho.
Blanding av songar
Kråkevik har kalla konserten sin «Helsing Herborg», og ho fortel at programmet blir ei blanding av songar som har følgt ho gjennom heile livet.
Detaljprogrammet for konserten er ikkje heilt spikra enda, seier Herborg, men ho trur heilt sikkert det blir litt «Edith Piaf».
– Så vil eg gjerne ha med nokre songar frå TV-programmet «Hver gang vi møtes», der eg var med i sesong 16, fortel ho.
– Å vere med der var ei oppleving for livet. I starten var eg litt, eller kanskje eg heller bør seie nokså skeptisk, men det var det ingen grunn til å vere. Alle var opne, vennlege og berre hyggelege, nett som det saudabuen er seier Herborg Kråkevik med eit stort smil.
Og når ho seier at ho gleder seg til å vitje Sauda, ja så er det heller ikkje vanskeleg å tru ho på det.