NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Kunstnaren Birgitte Raen Gilsvik har utstilling i Sauda i desember.

Hjelmeland-kunstnar har vandreutstilling på biblioteket

Ryfylke kunstlag har gleda av å presentera vandreutstillinga med Hjelmeland-kunstnaren Birgitte Raen Gilsvik. Utstillinga kan du sjå på biblioteket i Sauda i desember månad.

Publisert

Birgitte Raen Gilsvik har kurs i klassiske disiplinar som maling, teikning og croquis ved blant anna Stavanger Kunstskole (1982) og Rogaland Distriktshøyskole (1984). Seinare har ho utvikla seg vidare gjennom studiar hos kjende kunstnarar som Kjell Pahr-Iversen, Roaland Legauer og Lou Rizzolo – alle med ulik tilnærming til biletkunsten, noko som har gitt Raen Gilsvik eit breitt og nyansert kunstspråk. Ho har òg arbeidd med grafiske teknikkar, og har gjennom fleire opphald ved Grafisk Verksted i Stavanger og Tou Trykk, utvikla ein særleg interesse for serigrafi.

Utstillinga består av serigrafier og malerier.

Birgitte Raen Gilsvik maler med akryl på lerret og bygger opp billedflaten med lag på lag med maling. Ho seier at ho kan ofte gå brutalt til verks med lerreta ved å skrape, risse med kniv eller bruke grovt sandpapir for å oppnå struktur og «stofflegheit».

– Kunsten min er inspirert av naturen der vann, jord og spire er hovudtema. Desse temaa opptar meg fordi dei er eksistensielle. Såbarheten til kloden har aldri vore tydeligere enn nå. I ei tid prega av mørke og kaos nekter eg å la dei mørke elementa dominera. Lyset pressar seg oftast fram i mine bilder, seier Birgitte Raen Gilsvik.

Birgitte Raen Gilsvik har hatt utstillingar i blant anna i Konsthallen i Stockholm, Glostrup Kunstforening i København, Pilgrimsgården Mosterøy i Noreg, Vinjehuset Telemark, samt har også delteke i fleire kollektive utstillingar. Ho har atelier på Hjelmeland.

Velkomen.

Powered by Labrador CMS