NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
– Ingrid engasjerte mannfolka
Ingrid Fatnes, elev i 3. klasse på Sauda vidaregåande skule, hadde takka ja til å fortelja om ungdommen sine tankar om framtidas Sauda.
Det var ein uvanleg reflektert ungdom som engasjerte over 50 mannfolk tysdag i påskeferien. Ho innleia med å fortelja om korleis foreldre og besteforeldre har påverke henne til å bli interessert i samfunnsutviklinga og politiske saker utan at ho sjølv har meldt seg inn i eit politisk parti.
Ingrid tok utgangspunkt i den negative innbyggjarstatistikken for Sauda som viser nesten 2000 færre saudabuar i dag samanlikna med 1962. 20-åringar flyttar naturleg nok ut for å skaffa seg utdanning, men kva må til for å få både dei og andre tilbake ti år seinare? Her nemnde ho jobb, oppvekstvilkår, trivsel, bustad, kultur og korte avstandar. Positive minne frå skuletida er viktige, og derfor må kommunen satsa pengar på grunnskulen, kanskje ein barneskule for alle? Ein trygg skulevei er tydelegvis svært viktig for dagens foreldre som også ser etter eit inkluderande, trygt miljø. Bustadprisen er eit fortrinn som avgjort fortener meir omtale.
– Kanskje må du også ofra yrkeskarriera og drøymejobben for plassen du elskar? sa Ingrid.
Ho peika også på endå meir informasjon frå både kommune, Sauda vidaregåande skule og bedrifter for å synleggjera moglegheitene. Tilboda må heile tida vidareutviklast, og kva med rekruttering og frivillige?
Ingrid sin tidlegare kommentar om at eldrebølga er farlegare enn ammoniakk, tok forståeleg nok ikkje mannfolka stilling til.
Ein halvtime med Ingrid sine spennande synspunkt førte til mange spørsmål frå salen, men også forklaringar frå utflytta saudabuar om kvifor dei ikkje returnerte til heimbygda.