NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Kloke bjeff og logring på Mannfolk
Nærare 60 mannfolk i aldersgruppa 60+ var på plass i Folkets Hus tysdag.
Først gjekk ordet til mellombels kommunedirektør, Hans Erik Utne, som fortalde om ei lang yrkeskarriere før han tilfeldigvis hamna i Sauda 1. oktober i fjor for eit sju månaders vikariat. Utne med bakgrunn som militær og politi var opptatt av kompetanse og struktur, men understreka kor viktig tillit og folkeskikk er for eit godt arbeidsmiljø. På eit aktuelt spørsmål om dagens samarbeidsklima på rådhuset fekk me eit langt svar, men som venta ikkje eit overtydande ja. Den krevande politiske vippeposisjon er visstnok heller ikkje enkel.
Betre samferdsel er Saudas største utfordring, slo Utne bombastisk fast til slutt.
Etter mat var det Ole Bernt Herheim som fekk mikrofonen for å fortelja om eigne erfaringar med gjetarhund. Etter å ha sett gjetarhund i aksjon bestemte han og Borgny seg for å kjøpa sin eigen hund for mange år sidan. Ein gjetarhund frå ein erfaren oppdrettar kosta den gong berre 8.000 kr, i dag rundt 30.000.
– To-tre år med opptrening er nødvendig, og me må til Vikedal for å finna den kompetansen, sa Herheim som la vekt på den første tida med kvelpen for å skapa den gode relasjonen. Ved ros og rett stemmebruk kan du faktisk «komma inn i hjernen på hunden.»
Den rutinerte sauebonden avslutta med dikt og eit par utrulege episodar med kompetent gjetarhund i aksjon.