NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Mannfolk fekk gode tips om helse og trening
Tysdag starta Mannfolk opp etter ferien med eit svært aktuelt tema.
Fysioterapeutane, Helene Fjellheim Midthun og Hulda Asgeirsdottir Birkeland, heldt eit fengande føredrag om kva me pensjonistar kan gjera for eit aktivt og godt liv. Me fekk med ein gong klar beskjed om at dei ikkje hadde noka hemmeleg oppskrift, men gode, gamle vanar.
Helene starta med å fortelja om hjernen og spennande forsøk med placebo i samband med hjarteoperasjonar. Hjernen og trua er viktig.
Hulda fortalde om den fine balansen mellom belastning og restitusjon før alle 60 mannfolka måtte reisa seg og testa eigen balanse på tå, på ein fot og med augo igjen. Resultata kjem ikkje i dagens avis, men gjennom mobilen kunne ein gammal gardist slå fast at øvingane minna lite om drilltroppen. I følge Helene og Hulda er det ikkje uvanleg med knall og fall når eldre skal på toalettet om natta.
Høgt eller lågt aktivitetsnivå
Kanskje det er nok å kløyva halve favnen med ved sjølv om du før 75 tok heile favnen på same dagen? Du kan legga inn ei overnatting på bilturen til Oslo i staden for å pressa deg. Når godstolen eller lenestolen ropar på deg litt for ofte, er det lurt å ta små steg mot meir aktivitet, for eksempel ved å bryta opp «stillesittinga.»
Kost og søvn
Nordmenn brukar 4,6 milliardar på kosttilskot, og stort sett treng me ikkje påfyll av verken antioksydantar eller noko anna. Har du eit variert, grønt kosthald, er det nok med ei skei tran heile året. Tre-fire koppar kaffe per dag er innanfor, gjerne kombinert med eit glas vatn innimellom. Te med koffein og kaffe bør du unngå om kvelden for å få sju-åtte timar søvn, og salte peanøtter, søtsaker og alkohol er framleis ikkje sunt. Det er lurt å få tidleg dagslys om morgonen og unngå skjermbruk og kalde bein før leggetid.
Trening og sosiale relasjonar
Det er aldri for seint å begynna å trena, men det er viktig å ta pause før du går tom. Ein kan slappa av på ulike måtar, nokre med film og musikk, andre med natur, fin utsikt eller flammane i peisen. Berre to av ti pensjonistar tilfredsstiller kravet om 150-300 minutt aktivitet per veke. Både Hulda og Helene understreka kor viktig det er å ta turen på Mannfolk eller andre lag og foreningar. Å møta andre menneske og slå av ein prat er utruleg viktig for vår mentale helse, konkludert på siste foilen: Eit godt vaksenliv treng både aktivitet, tilhørighet og tid til å henta seg inn.