NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Monteringslaget/Weldone sine opp- og nedturar i sogelaget
Tysdag besøkte Paul Rune Engebretsen sogelaget for å fortelja den spennande historia til Sauda Monteringslag.
Han både åpna og avslutta føredraget med filmsnuttar frå bedriftens allsidige verksemd gjennom nærare 80 år. For mange av oss med fleire enn to tommeltottar er det alltid kjekt å sjå flinke fagfolk i aksjon, for eksempel då dei med millimeters presisjon monterte den lange brua i Allmannajuvet.
Paul Rune har gjennom faren vore nær knytta til Monteringslaget heile livet, men i arbeidet med føredraget hadde han nytta «Monteringslaget gjennom 50 år,» Kåre Årthun sitt jubileumshefte frå 1998.
Oppstarten
Den offisielle starten for Sauda Monteringslag var 13. oktober 1948 på «Slottet» i Saudasjøen. Då møttest nemleg faglærarane Karl Jensen og Trygve Pedersen, fabrikkarbeidarane Olav Øverland og Ottar M. Lien samt Paul Engebretsen som var formann på verkstaden. Dei la 100 kroner kvar i potten og danna det som året etter fekk navnet Sauda Monteringslag sjølv om dei første jobbane i Sauda og Stavanger bestod av å riva og demontera.
Dei ville gjerne at Nordaganlegget skulle bli i Sauda, men sjølve verkstadhallen blei som kjent riven og seinare frakta til Sunndalsøra.
Paul Rune viste oss stiftelsesdokumentet, skrive med sirleg handskrift.
Dei første åra leigde dei lokale av Årdal Verk, blant anna den såkalla KA-Bygningen, ein murbygning på høgre sida av hotellbakken. Det var kummerleg på alle måtar, og utstyr og verktøy var heller ikkje mykje å skryta av.
I 1957 kjøpte Monteringslaget dagens tomt av kommunen, og Toralv Hovland stod bak søknaden om verkstadbygget på over 500 kvadratmeter. Med garderobe, bad og kontor av heilt ny dato var dette «etterlengta luksus» for dei tilsette. Paul Rune nytta sjansen til å minna om lukrativt «barnearbeid» som rensing av murstein og innbytte av skrapjern.
Trøbbel på 60-talet
Det er ikkje enkelt å vera avhengig av nye ordre heile tida, og 60-talet var krevande, blant anna på grunn av streiken på EFP. Nye investeringar, usikkerhet, risiko og permitteringar prega mange verksemder, og i 1979 blei Sauda Monteringslag eit aksjeselskap. På eit dramatisk ekstraordinært årsmøte i 1986 sa Paul Rune opp stillinga si i kampen for ein «åpnare struktur.»
Trass i ulike vanskar hadde SM gode periodar med mykje arbeid i Odda, Ålvik, Stavanger og Haugesund. Det gav rom for store investeringar i 1997-98 med utviding av verkstad, nye, sterkare kranar og oppgradering av garderobe, dusj og kontor.
I 2006 fekk SM nytt namn, Weldone, eit kreativt navnebytte som symboliserer sveising (weld) og vel utført. Me fekk også ein oversikt over lokale og regionale samarbeidspartnarar dei siste 30 åra.
Eit innblikk i Lossekranprosjektet frå 2007 var interessant for oss utan kunnskap om denne bransjen.
Etter at far og son Engebretsen hadde styrt bedriften i perioden 1948-2000, kom Dagfinn P. Johnsen 2000-2014, Amund Fattnes 2015-2017, Eirik Aasheim 2017-2021 og Ole Karsten Abotnes frå 2022.
Paul Rune understreka fleire gonger verdien av lokalt eigarskap, og ved oppkjøpet i august 2023 var det 18 tilsette som nytta sjansen til å bli medeigarar. Dei fekk velfortent ros og applaus frå den tidlegare eigaren.
Historiske utfordringar
Mange av dei tilsette dagpendlar for eksempel nå til Suldal, men tidlegare var vekependling svært vanleg. Eit evig spørsmål var skatt på diett som lenge var uavklart. Eit anna punkt var utleige av folk med eit rigid regelverk som gjorde det vanskeleg. Paul Rune fortalde at han sjølv måtte ta turen til Stortinget og få hjelp av Hans Frette og Geirmund Ihle.
Kommentar frå Ole Karsten Abotnes
Dagleg leiar, Ole Karsten Abotnes, er økonom og har jobba hos Weldone i 18 år. Han rosar både Paul Rune og dei tilsette i samband med oppkjøpet for tre år sidan.
– Hensikten var å ta vare på arbeidsplassane våre, og då må me vera fleksible, yta service og stilla opp til alle døgnets tider. Me har hatt tre gode år og har nå arbeid ut 2026, tidshorisonten vår har ofte berre vore to månader. Totalt er me nå 47 tilsette i Weldone, avsluttar ein optimistisk Abotnes.