NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Morten Brekke viste film og bilde frå arbeidet i Romania.

Morten Brekke og Guttas Restaurant besøkte Mannfolk

Tysdag feira Mannfolk 2-årsdag med rundt 60 frammøtte.

Publisert

Hovudgjest denne gong var Morten Brekke som for tida nærast er «på turne» rundt i Rogaland for å fortelja om Romania Aid som han starta i 2010. Før den tid jobba han ti år saman med Bjørn Gjerde i Røde Kors.

Med Romania Aid blei det færre biblar og prestar, men desto meir fokus på mat, helse og leseopplæring. Med eit årsbudsjett på 800 000 kroner har dei nå tre tilsette (sjukepleiar, advokat og lærar) som har ei bra månadsløn på til saman 20 000 kroner.

Når det gjeld innsamling av sko og kler, har dette blitt verre etter krigen i Ukraina, og mange nordmenn vel den billigaste måten for å kvitta seg med kler, nemleg i dei overfylte UFF-kassane.

– Nå brukar me mest ressursar på skule og ID-kort for vidare skulegang, seier Morten.

– Me har eit velfungerande styre og totalt rundt 50 hjelparar her i Sauda. Me er stolte over alt me har fått til, ikkje minst på dagsenteret vårt i Tirgu Mures.

– Kva skjer når du må kasta inn handkledet?

– Arbeidet skal ikkje døy med meg. Eg trur me har mange flinke folk som forhåpentlegvis framleis vil hjelpa fattige og sjuke analfabetar i Romania.

På det siste møtet før jul viste også Leif Harald Bryne at han framleis kan trylla fram vannbakkelse, kransekakestenger og andre småkaker av topp kvalitet. Serveringa stod Guttas Restaurant for, det vil seia G 14-laget i fotball som skal til Norway Cup neste år, og for å skaffa pengar inviterer dei derfor saudabuar til søndagsmiddag i desember.

Som vanleg blei det tid til lått og løye av gamle historier frå Rorbua, og me hylla også Arthur Svendsbråten ved å lesa «Lyset», eit dikt han skreiv til Saudafaldene sitt 90-årsjubileum. Neste møte for Mannfolk blir i februar.

Powered by Labrador CMS