NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
– Noen må sette kvinnehelse på dagsorden! Men hvem er denne «noen»…?
Om fellesskap, åpenhet, dugnadsånd, fastlavnsris og sint stemme i Dagbladet.
Dette er tittelen på innlegget Therese Sivertsen skal gleda og begeistra oss i saniteten med 29. januar. Møtet er ope for alle og det er berre å sjå fram til ei engasjert kvinne med både meiningar og mot.
For nokre få år sidan «oppdaga» Therese Sivertsen sanitetsforeninga og blei heilfrelst. Etter den dagen har ho vist eit enormt engasjement for kvinnehelse og starta mellom anna opp Sanitetssalongen på Sandnes. Der arrangerer ho møter om kvinnehelse kvar månad for alle som har lyst å delta. Det banebrytande konseptet er blitt ein suksess og tiltaket er blitt veldig populært.
Sivertsen sit som styremedlem i Sandnes sanitetsforening, men har også engasjert seg utover over eigen kommune og er vald som sentralstyremedlem for Sanitetskvinnene. Der er ho mellom anna ansvarleg for eitt av tre tema i arbeidet med ny organisasjonsstruktur.
Sivertsen har vore open om eigne kvinnehelse-utfordringar og har fått merksemd om dette i media. Ho er ei engasjert og scenevant føregangskvinne som er inspirerande å få oppleve og som me er glade for å ha fått til Sauda.
Til dagleg er Therese Sivertsen tilsett i KS Kvalitetsutvikling og arbeider med forsking, innovasjon og digitalisering. Ho har vore i Sauda fleire gonger og er kjent for politikarar og andre.