NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Tristan Olsen Seltveit får god sats og svever heilt til 12 meter, som er bakkerekord i K10-bakken.

Ny bakkerekord og fleire nye personlege rekordar

Tysdag 3. mars blei andre runde av Telenorkarusellen i hopp arrangert.

Publisert

Vêrvarselinga i forkant av årets siste runde av Telenorkarusellen i hopp førte dessverre til at talet på deltakarar vart noko redusert, men dei som hadde trossa vêrforholda og meldt seg på fekk verkeleg uttelling for det. Det milde vêret dagane i forvegen hadde gjort kraftig innhogg i snømengda. Dette førte til at det berre var dei seigaste og standhaftigaste snøkorna som låg igjen, og sørga for riktig god fart i tilløpet.

Timian Jacobsen i svevet.

 Med god fart og eit godt preparert unnarenn benytta fleire anledninga til å pynte på eigne personlege rekordar, medan to av dei mest rutinerte hopparane kjempa om å setta navnet sitt på ny bakkerekord. Denne brødreduellen var det Tristan Olsen Seltveit som gjekk seirande ut av, då han tok skikkeleg sats, fauk høgt over kulen og planta skia på heile 12 meter. Han forbetra med det den gamle bakkerekorden frå forrige karusell med ein heil meter.

 Etter rennet gjekk diskusjonen på at det hastar å få fullført dei tre store bakkane i anlegget, då dei eldste hopparane med kveldens lange hopp og «bånning» av bakken, tydeleg viste at dei treng større utfordringar.

 Men den lange hoppinga gav iallfall alle publikummarane nede på sletta uttelling for å ha lagt kveldsturen opp i hoppbakken, til det som mest sannsynleg var årets siste karusellrenn. Kvelden vart derfor avslutta med premieutdeling i brakka til alle dei sju som har deltatt under årets karusell.

Powered by Labrador CMS