NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Nysnø og strålande flott ski-vêr for dei 30 unge løparane
Barneskirenn nummer to blei gjennomført på laurdag.
Det andre av tre barneskirenn blei arrangert laurdag 14. februar. Med nysnø og nypreparerte løyper låg alt til rette for eit godt arrangement. Det var lettskya og opphaldsvêr etter nattas snøfall, men etter kvart kom sola fram og det blei ganske så fint, og sola varma. Enkelte var ute i god tid, men det tok litt tid før folket dukket opp.
Etter kvart var det bra med både barn og vaksne. Dei som var tidleg ute, prøvde løypene til oppvarming. Starten var sett til klokka 12.00. Då tida nærma seg, stilte barna seg fint i rekkefølge med startnummer på. Dei venta spent på å få komme seg ut i løypa. Nokre av barna tok av gårde i god fart, mens andre kanskje trengte ei hjelpande hand til å halda i.
Etter målgang var det utdeling av saft. I kiosken var det salg av pølser, kaffi, juice, kaker og sjokolade. Mange tok seg tid til å stoppa opp litt, handla og prata med kvarandre. Det var stor aktivitet i området lenge etter arrangementet var ferdig. 30 barn deltok i arrangementet. Totalt er det 43 barn som har deltatt på dei to første renna. Forhåpentligvis kan det dermed vera fleire enn 30 som stiller til start i siste barneskirenn komande laurdag.