NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Sauda idrettslag med fire nye æresmedlemmer
Årsmøtet for Sauda idrettslag blei halde på søndag utan at det resulterte i betre frammøte. Då styreleiar og kveldens dirigent, Frank Hansen, ønska velkommen, var berre 25 av lagets nærare 1000 medlemmer på plass.
Etter at dei formelle punkta var unnagjort, gjekk dagleg leiar, Kristina Sandanger, gjennom det viktigaste i den fyldige årsmeldinga. Stikkord for 2025 er høg aktivitet, god økonomi, medlemsvekst og kjøp av Turnhallen. Etter ein god prosess har også Sauda Turnforening etter 100 år blitt ein del av Sauda idrettslag.
Frå anleggsdrifta i Brattebakken blir det meldt at både K5, K10 og K20 nå er klare til bruk.
Saker
Eit par av sakene handla naturleg nok om den historiske fusjonen med turnforeningen. Årsmøtet godkjente framlegget frå styret om å investera inntil 500.000 kroner i Jernbua og 500.000 elles i den 65 år gamle, velbrukte Turnhallen. Nokre av utgiftene bør vel betalast frå kommunal konto fordi bygget også inneheld tilfluktsrom?
Kiosken på stadion er moden for oppgradering og nokre meters forflytning for betre sal og trivsel i tillegg til meir lagerplass.
Planane om eit nytt klubbhus er blitt aktualisert, blant anna ved at Ehra Esport-gruppa har overtatt ein stor del av kjellaretasjen. Styret går inn for eit separat bygg på Tufte-parken i staden for ein ny etasje på garderobebygget. Årsmøtet gav styret fullmakt til å arbeida vidare med planane.
Medlemskontingenten i idrettslaget er relativ rimeleg, og det blei ingen diskusjon rundt ein liten prisauke. Barn 0-5 år betaler framleis 100 kroner medan medlemskap for barn/ungdom kostar 700 kroner. Nytt for i år er honnør: 1000 kroner og studenttilbod for dei som ikkje bur i Sauda: 500 kroner.
Ei ekstra treningsavgift på 200 kroner går til dei som deltek i fleire grupper eller aktivitetar.
Økonomi
Eit budsjett på nærare fem millionar fortel det meste om stor aktivitet og sunn drift, men det blei understreka kor viktig det er å ha ein dagleg leiar som kjenner regelverk og fristar. Årsmøtet gav derfor Kristina Sandanger spontan applaus, ikkje minst for lagets rolle for dei yngste via sommarferieaktivitetar og Barn er bra i haustferien. Eigne ordningar for dei med dårleg økonomi er svært viktig i kampen mot «utanforskap.»
Det kom som venta ingen protestar på årsresultatet på 230.000 kroner i pluss, men frå salen kom det kritikk mot ei for passiv satsing på trenarutdanning. Det blei replisert at dette ikkje er eit nytt problem, og det viser seg å vera vanskeleg å få trenarar (foreldra) til å dra på kurs.
Kan det vera enklare å arrangera kurs i Sauda, og er tida moden for å gi trenarane ordentleg løn?
Det er verdt å merka seg at dei ni ulike gruppene også leverer årsmelding der dei summerer opp fjorårets prestasjonar og/eller utfordringar.
Hovudstyret for 2026
Leiar Frank Hansen, styremedlem Irene Juvet Hugdal og varamedlem Kåre Rød tok alle attval for to nye år.
Elles i styret: Katrine Skorpe Nærheim, Guro Notshe, Karina Fiveland og John Berge Ness.
Kontrollkomitè: Andreas Fløgstad, Roger Birkeland og Helle Lønseth.
Anleggsutval: Kristina Sandanger, Frank Hansen, Ola Martin Øverland, Halvor Seltveit, Elin Dolmen, Siri Ramsnes og Tina Midthun.
Nye æresmedlemmer
I løpet av 107 år har Sauda idrettslag utnevnt 28 æresmedlemmer, men av desse er nå 13 borte.
Styret haddde innstilt fire nye æresmedlemmer med ei kort grunngjeving for kvar.
Aud Rikka Øverland: Nær 50 års innsats i Slettedalen, først og fremst med ansvar for matlaging og sal i kiosken/kafèen, men framleis har ho tilsyn, vask og oppgåver i både den nye og eldre hytta.
Alf Ole Johnsen: 50 års innsats for juleturneringa i fotball. Han var tidlegare materialforvaltar og spelande oppmann, og etter dommarutdanning i 1990 har han dømt mange fotballkampar og spart Sauda idrettslag for store utgifter.
Per Ivar Sivle: Sterke prestasjonar på friidrettsbanen med blant anna 10,25 på 100 meter og 20,90 på 200 meter. Per Ivar har sølv og bronse frå NM individuelt og fleire gull frå NM i stafett, både 4x100 meter og 1000 meter. Han har også lagt ned mykje tid som trenar for friidrettsgruppa dei siste 20 åra.
Halvor Seltveit: Unikt engasjement for hoppsporten gjennom mange år. Han har vore drivkrafta bak det nye, moderne anlegget i Brattebakken. Halvor har visstnok ikkje ordet NEI i sitt vokabular.
Gull- og sølvgutar
Andreas Fløgstad og Roger Birkeland fekk gullmerke og blomar for lang og tru teneste som aktive og seinare med ulike oppgåver både administrativt og på trenarsida.
Det var også på høg tid at følgande fem fekk sølvmerke og blomar for mange års innsats som fotballtrenarar: Kim Olav Knudsen, Frank Hansen, Stian Johnsen Nordvik, Asbjørn Skoglund og Stig Buer.