NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Musiklaget avslutta seminarhelga med ein konsert i Folkets Hus.

– Sauda Musikklag med kjekk konsert i Folkets Hus

Musikklaget arrangerte seminar frå fredag til søndag nest-siste helga i november og avslutta med konsert og lotteri til inntekt for oppstart av skulekorps.

Publisert

Eirik Gjerdevik, som er tubaist i Sjøforsvarets musikkorps i Bergen, var instruktør på seminaret og dirigerte konserten. Ingrid Fatnes var konfransier, presenterte korpset og leda arrangementet. Musikklaget opna med «Deg Være Ære» frå 3. akt i oratoriet «Judas Makkabeus» av Georg Friedrich Händel, arrangert av Thormod Gilje. Her har Thormod, som er vår faste dirigent, verkeleg laga eit flott arrangement. Neste nummer var «Amazing Grace» (folketone) arrangert av William Himes.

Ragnhild Vullum framførte ein nydeleg solo på ess-kornet i stykket «Solitaire», komponert av Neil Sedaka & Philip Cody, arrangert av Stephen Corbett. Deretter kom det ein frisk tango, «Hernando´s Hideaway» komponert av Richard Adler og Jerry Ross i eit arrangement av Inge Sunde.

Siste nummer før pause var «Stål Himmel» komponert av Alan Fernie. Dette er eit stykke der Alan skildrar naturopplevinga etter å ha landa på Sola flyplass. I pausen spelte Eirik Gjerdevik solo på tuba.

«LE CYGNE frå Carnaval des Animaux» av C. Saint-Saens. Komponist er Vittorio Monti, og arrangement er ved Bent Erik Røed. Variasjoner av «Karneval i Venedig» med allsang på «Min hatt den har Tre-kanter»

Publikum storkoste seg då Eirik etter ein liten pause kom tilbake i humledrakt og framførte «Humlens flukt», komponert av Rimsky-Korsakov, på sousaphone. Dette var verkeleg fantastisk.

Eirik Gjerdervik kom tilbake i humledrakt og framførte «Humlens flukt», komponert av Rimsky-Korsakov, på sousaphone.

 I pausen blei det servert kaffi og pepperkaker, og det var lotteri til inntekt for oppstart av skulekorps. Eirik i humledrakt deltok med åresal saman med korpsmusikantane. Sauda som tidlegare hadde eit yrande korpsmiljø med to skulekorps og eit vaksenkorps har no i mange år vore heilt utan denne type tilbod for born og unge. Musikklaget har difor teke initiativ til å få i gang igjen eit skulekorps slik dei også gjorde i 1946.

Lotteriet gav ei inntekt på 16 027kroner. Premiane i lotteriet var gitt av kolonialbutikkane og frå kvar av musikantane i musikklaget. Sparebanken har alt støtta med ei gåve på 100 000 kroner og Rogaland Musikkråd har gitt tilsagn om 20 000 kroner. Etter pausen spelte først korpset «Kanskje kommer kongen» komponert av Gustav Lorentsen og Øystein Dolmen, arrangert av Reid Gilje. Det morosame musikkstykke som mange kjenner frå Musikkgruppa Knudsen & Ludvigsen i eit veldig kjekt arrangement for korps. Deretter kom Hey Jude komponert av J. Lennon / Mc Cartney, arrangert for korps ved Alan Fernie, etterfølgt av «Flåklypa» (åpningstema) frå den kjente filmen, komponert av Bent Fabricius-Bjerre og arrangert for korps ved Bjørn Morten Kjærnes.

I siste nummer spelte Kjersti Petra Stensvåg flott solo på kornett i stykket «Himmel på jord», med musikk av Amund Enger, arrangement for korps er ved John Philip Hannevik. Det blei trampeklapp og som ekstranummer spelte korpset «Kanskje kommer kongen».

Takk til alle korpsmusikantar, vår faste og flinke dirigent Thormod Gilje, som har jobba dugnad for korpset i årevis, Eirik Gjerdevik som har gitt oss ny inspirasjon og ikkje minst styreleiar Solveig Stensvåg Eriksen for engasjement og ståpå-vilje.

Takk for frammøte og for all støtte til prosjektet «Oppstart av skulekorps»!

Vi må samtidig opplysa at vi ønskjer at alle som har instrument eller uniform som tilhøyrer eit av dei gamle skulekorpsa eller musikklaget leverer dette til Sauda Musikklag.

Powered by Labrador CMS