NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Fornøgde Sauda-spelarar etter at finalesigeren var i boks laurdag formiddag: Frå venstre står Rafael Rød, Alexander Ballarin, Filip Werdal Tveit Bjugn, Jarle Lilleskog Guggedal, Nikita Veretiuk, Ingvald Sørheim Tjelflaat, Daniel Birkenes, Simon Landro, Noah Berhane Sertu, Eman Tekie, John Øverland Seim og Trygve Bjelland.

Sauda til topps i vintercup etter straffedrama 

Dramatikk og straffespark-konkurranse i finalen.

Publisert

Send ditt sportsreferat til Ryfylke

Ryfylke tar gjerne imot referat frå sportsarrangement der saudabuar er i aksjon. 

Ønsker du å levere tekst og bilde til oss, send dette på e-post: ryfylke@ryfylke.net

Bilder bør vere horisontale (liggende), i høgast muleg oppløysing. Teksten bør vere maksimalt 500 ord.

Laurdag klokka 10 stod eit spent Sauda IL G13-lag på Grinde kunstgras, klare for finale i Skjold IL sin vintercup. På motsett banehalvdel møtte Fjordar, eit samarbeid mellom idrettslaga Vindafjord, Vats, Skjoldar og Vikebygd, sitt førstelag.

13-åringane er inne i sin første sesong med tabellar og sluttspel. Etter å ha feid over Stegaberg/Skjold 1, Sveio 2, Ølen og Fjordar 2 i gruppespelet, gjekk Sauda rett til semifinalen, der Stegaberg/Skjold 2 blei slått 3-0 på tysdag.

Dei to finalelaga kjenner kvarandre godt, etter fleire møte dei føregåande sesongane. Oppgjera mellom dei er ofte tette og jamne.

Sauda best i gang, men…

Kampen startar slik finalar gjerne gjer – med stillingskrig på midtbanen. Etter kvart klarer eit heiltent Sauda-lag å riva til seg eit lite overtak. Snautt ti minutt er spelt då kaptein Ingvald Sørheim Tjelflaat får tid og plass til å ta med seg ballen frå sin venstre ving-posisjon og inn mot midten av banen. Litt nøling i Fjordar-forsvaret er ein dårleg idè med Ingvald på farten, han takkar fint med å skyta hardt langs bakken – inn i hjørnet til høgre for keeper. 1-0 til Sauda.

Bare to minutt seinare er Alexander Ballarin på farten. Han vinn ballen midt på motstandarane sin banehalvdel og fyrer av ei kanonkule som smell inn i tverrliggaren bak ein sjanselaus Fjordar-keeper. Veldig nær 2-0!

Medan Sauda prøver å halda ballen langs bakken og spela kort, satsar Fjordar på lange høge ballar og duellar. Kampen er 20 minutt gammal då ballen sprett deira veg. Ein Fjordar-spelar får tak i ballen etter eit langt oppspel. Sauda sin gode keeper Nikita Veretyuk reddar i første omgang, men returen hamnar på hovudet til Håvard Stensland, som set ballen sikkert i mål. Fem minutt seinare blir same spelar spelt gjennom i noko som likna mistenkeleg på offside. Han gjer ingen feil og sender Fjordar i leiinga. I ein sterk Fjordar-periode kjem også det mange trur er 3-1, men nå ser dommaren offisiden og annulerer. Fjordar går etter kvart til pause med leiinga 2-1.

 Sterke andreomgangar

Vinterserien har vist at Sauda-gutane står kampane godt, og ofte gar gode andreomgangar. Det var på ingen måte noko resignert saudalag som entra kunstgraset etter kvila. Her skulle det vinnast! Bare fire minutt er spelt då utligninga kjem. Sauda held trykket oppe etter ein corner, og John Øverland Seim blir felt like utanfor straffefeltet i det han skal skyta. På det påfølgande frisparket står heile Fjordar i mur nær målstreken då Ingvald Sørheim Tjelflaat gjer seg klar. I staden for å fyra av, slik alle ventar, trillar han elegant ballen til ein umarkert Alexander Ballarin, som set ballen i nota.

Ti minutt seinare er rollene snudd. Ballarin speler fri Tjelflaat og brått er kampen snudd. 3-2 til Sauda.

Fjordar var imidlertid ikkje ferdige. Etter drygt halvspelt omgang speler laget seg fint fram til Sauda sitt straffefelt. Lorens Stople skyt hardt og godt og utliknar til 3-3.

Med bare fire minutt igjen er Ingvald Sørheim Tjelflaat på farten igjen. Han får ein stikkar gjennom Fjordar-forsvaret frå John Øverland Seim, og i kamp med tre forsvarsspelarar klarer han å skaffa seg nok plass til å setta ballen inn til 4-3.

Dei siste minutta blir hektiske. Fjordar kjempar iherdig for utlikning. Sauda forsvarer seg med nebb og klør, såpass at Tjelflaat pådrar seg kampens einaste gule kort. Så, på overtid, får Fjordar eit, med Sauda-auger, veldig billeg frispark høgt oppe i banen. Frisparket går via ein Sauda-forsvarar til corner. Og på corneren ser dommaren det han meiner er ein dytt frå ein Sauda-spelar. Straffe til Fjordar. Håvard Stensland. 4-4.

Kampen ebbar ut med uavgjort. Dermed er det duka for straffesparkkonkurranse.

Fjordar startar. 5-4. Først ut for Sauda er Daniel Birkenes. Han er sikker og set inn 5-5. Så: På Fjordar sin andre straffe er Nikita Veretyuk i Sauda-målet på rett plass og reddar meisterleg! Ingvald Sørheim Tjelflaat set inn 6-5 til Sauda. Veretyuk er etter dei to neste Fjordar-straffane, men når ikkje ballen. Alexander Ballarin set inn 7-6, Rafael Rød 8-7. På 8-8 er det èin straffe igjen – til Sauda. Den ekspederer John Øverland Seim sikkert i nota, til vill jubel og gledestårer frå både lagkameratar og lagleiing. Sauda G13 er vinnarar av Skjold IL sin vintercup!

Sauda-kaptein Ingvald Sørheim Tjelflaat tar imot pokalen på vegner av laget.

Desse spelarane har spelt for Sauda i vintercupen: Alexander Ballarin, Daniel Birkenes, Eman Tekie, Filip Werdal Tveit Bjugn, Henrik Jensen, Håkon Ramsnes Hammersland, Ingvald Sørheim Tjelflaat, Jarle Lilleskog Guggedal, John Øverland Seim, Jonathan Seim, Ludvig Halleraker, Nikita Veretiuk, Noah Berhane Sertu, Rafaèl Rød, Simon Landro, Trygve Bjelland og William Thingbø.

Powered by Labrador CMS