NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
– Spennande besøk hos redningshelikoptertenesta på Sola
Fire medlemmer frå Sauda Røde Kors Hjelpekorps fekk torsdag 8. oktober eit lærerikt og spennande innblikk i arbeidet til 330 skvadron på Sola. Besøket baud også på ei heilt spesiell oppleving for nokre av deltakarane.
Etter invitasjon frå Hjelmeland Røde Kors reiste fire medlemmer frå Sauda Røde Kors Hjelpekorps til Sola for å besøkje redningshelikoptertenesta. Frå Sauda deltok Jonas Løland, Emil Sørensen, Ane Schibevaag Søndenå og Ingrid Schibevaag. Til saman var dei elleve deltakarar frå dei to hjelpekorpsa. Ved inngangen til flybasen blei gruppa møtt av ein representant frå Forsvaret, som viste dei vidare inn på området. Her tok ein redningsmann og ein representant frå støttepersonellet imot oss.
Besøket starta med ei orientering om historia og utviklinga til redningshelikoptertenesta, korleis organisasjonen er bygd opp, og kva oppdrag mannskapet utfører. Deltakarane fekk høyre om mellom anna søk, fjellredning, sjøredning og ambulanseoppdrag. Dei fekk også informasjon om dei ulike funksjonane om bord og krava som blir stilte til mannskapet. Under orienteringa kom spørsmålet om det kunne vere mogleg å få ein tur med redningshelikopteret SAR Queen. Sidan helikopteret verken hadde vore ute på øving eller oppdrag denne dagen, ville redningsmannen undersøkje om det lét seg gjere. Dette skapte naturleg nok stor forventning i gruppa.
Eit imponerande helikopter
Etter orienteringa gjekk turen vidare til hangaren. På vegen fekk deltakarane sjå lokale som blir nytta til planlegging og koordinering av oppdrag og øvingar. Vel inne i hangaren blei fleire imponerte over storleiken på SAR Queen. Gruppa blei delt i to, der den eine fekk sjå helikopteret utvendig, medan den andre fekk omvising inne. Deltakarane fekk sjå mykje av det avanserte utstyret som helikopteret er utstyrt med, både innvendig og utvendig.
Dei fekk også ei grundig forklaring på arbeidsoppgåvene til mannskapet under redningsoppdrag. Mellom anna kan helikopteret innreiast med fleire pasientplassar og køyer ved behov. Ein av legane som arbeider på helikopteret, kom også innom og fortalde om dei medisinske oppgåvene under redningsaksjonar. Etter kvart kom resten av mannskapet ut i hangaren, og det blei klart at det kunne bli ein flytur for deltakarane.
Fekk oppleve SAR Queen i lufta
Etter gjennomgang av tryggleiksrutinar, utdeling av høyrselsvern og plassering i helikopteret var den første gruppa klar for avgang. Turen gjekk over Stavanger og tilbake til Sola. Under flyginga trefte helikopteret dessverre ein fugl. Dette førte til at helikopteret måtte gjennom ein teknisk kontroll før det kunne fly vidare. Dermed blei det ingen flytur for den andre gruppa. Det var sjølvsagt litt skuffande for dei som ikkje fekk vere med, men tryggleiken må alltid kome først.
Nyttig kunnskap om redningsarbeidet
Besøket gav deltakarane verdifull innsikt i korleis redningshelikoptertenesta arbeider, og kor viktig samarbeidet mellom dei ulike redningsressursane er. For medlemmene i Røde Kors Hjelpekorps var det særleg interessant å få betre kjennskap til arbeidet som blir utført frå lufta, og korleis dette heng saman med innsatsen til frivillige mannskap på bakken. Deltakarane frå Sauda og Hjelmeland sat igjen med både ny kunnskap og gode opplevingar etter besøket.
Me er svært takksame for at me fekk kome på besøk. Det var både spennande, lærerikt og nyttig å få eit nærare innblikk i arbeidet til 330 skvadron og mannskapet på SAR Queen.
Ref. Ingrid Schibevaag, leiar i Sauda Røde Kors