NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Anne Birgitte Bødtker Ruus har lang erfaring frå arbeid med både pasientar og pårørande.

Temakveld: – Når livet blir snudd på hovudet

Publisert

I møte med sjukdom og sviktande helse er det gjerne slik du opplever det: Livet blir snudd på hovudet. Kvardagen blir heilt ny, du går inn i ukjent land. Dette tærer på oss, og mange kjenner at kreftene blir brukte opp. Store helseplager er ikkje berre ei påkjenning for den som er sjuk, men også for dei som er nære pårørande.

Sjukehusprest Anne Birgitte Bødtker Ruus har i ei årrekkje arbeidd i Helse Fonna, hovudsakleg på Haugesund sjukehus. Ho har difor lang erfaring frå arbeid med både pasientar og pårørande. Diakoniutvalet har invitert henne til Saudasjøen kapell onsdag neste veke for å gå nærare inn i denne materien.

Håpet er at dette kan vera til nytte for mange. Tittelen på temakvelden er motiverande, synest me: «Livsmeistring – når livet blir snudd på hovudet». Utvalet inviterer til kveldsmat og samtale rundt borda i kapellkjellaren etter foredraget.

Michael Fagerland
Diakon, Sauda sokn

 

Powered by Labrador CMS