NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:
Tre barneskirenn – 47 deltakarar i siste renn
Det siste av tre barneskirenn blei arrangert lørdag 21. februar. Med nysnø og gode løyper låg alt til rette for eit godt arrangement.
Vêret var litt grått frå morgonen av, men det letta etter kvart og før start klokka 12.00 kom sola fram, varma og me fekk ein god stemning på arenaen. Det var antydning til noko kald vind, men sola varma. Barn og vaksne dukka opp etter kvart og det blei ganske folksomt. Før start var det påmeldt mange fleire barn enn dei som deltok i dei to første skirenna, det var kun 30 barn på både første og andre barneskirenn.
Då start nærma seg, stilte barna seg i lang rekke med startnummer på. Nokre var ivrige og ville komma seg tidlig ut i løypa. Mange av barna tar av garde i god fart, andre har god tid, mens andre igjen må ha ei hjelpande hand. Etter målgang var det gratis pølse og juice til barna, samt utdeling av premie, som var ei fin lue. Dei som ønska det kunne stå oppe på seierspallen for å bli fotografert. I kiosken var det lang kø for å kjøpa kaffi, kaker, sjokolade og pølser. Det såg ut for at alle fekk handla det dei ønska frå kiosken. Alle stod fint i kø og venta tålmodig på sin tur. Ingen sure miner. Totalt deltok 47 barn.