NYTT FRÅ LAG OG FOREININGAR:

Arne Skogerbø er Sauda sin representant i Ryfylkeutstillinga 2026, her med måleriet «Kvitveis».

– Velkommen til Ryfylkeutstillinga

Ryfylkeutstillinga er ei juryert utstilling for kunstnarar med tilknyting til Ryfylke, i regi av Ryfylke Kunstlag. Sjølve juryeringa fann stad den 17. juni på Frivilligsentralen på Sand, og juryen hadde mykje spanande å velja i.

Publisert

Dei som har stått for juryeringa er kunstnarane Ellen Kalvig og Solveig Landa, samt styreleiar for Ryfylke Kunstlag og Suldal kunstlag, Eva Jorna Bendiksen. Av 24 håpefulle som sendte inn til saman 70 verk, er det 15 som går vidare til sjølve utstillinga med til saman 27 verk. Desse 15 utstillarar kjem frå heile Ryfylke, alle er medlemmer i enten eit lokale kunstlag eller Ryfylke Kunstlag. Sauda er representert med Arne Skogerbø og hans landsskapsmålerier.

Det var brei semje i juryen når utveljinga tok til, og det har enda med ei utstilling med stort omfang og av rik karakter. Jurymedlemmene meinte dei godt kunne sjå kor mange av deltakarane hentar inspirasjonen sin frå. Fleire av verka spegla Ryfylkenaturen, og det var lett å kjenne seg igjen i landskapet. Representert i utstillinga er spennande skulptur, vevde arbeid, foto, trykk og måleri – både naturalistiske landskapsbilde og uttrykk av meir fabulerande karakter. Marmor kan vere mange ting, hardt og kaldt, eller som her, gi eit mjukt og varmt uttrykk. Den tradisjonelle bunadssøljen kan vere bunden i det tradisjonelle, men også frekk og fargerik.

Redningsvestar og fiske kan vere så mangt og er presentert på ein annleis måte – spanande og fargerikt. Verka som er innsende er vel gjennomarbeida og godt utførte. Dei syner ulike teknikk, farger og har god kvalitet og kunstnarane sette høge krav til seg sjølv og arbeida deira. Juryen kjende dei vart utfordra på sin eigen kunstsyn, dei syns det var ein spanande og utfordrande, men hyggeleg, oppdrag å få vere med og juryere så mange interessante bidrag. Det blir ei utstilling av variert uttrykk og høg kvalitet me får sjå når den startar på vandring rundt i Ryfylke.

Det blir ein høgtidleg opning med musikkinnslag og servering av forfriskingar, og fleire av kunstnarane vil vere til stades når Ryfylkeutstillinga 2026 startar vandringa si på biblioteket i Sauda 29. august.

Powered by Labrador CMS