Abonnement

Abonnement

Bli abonnent

Prisar 2025:

  • Heilår komplett kr 2.580,-
  • Heilår digitalt kr 1.980,-
  • 1 månad komplett kr 215,-
  • 1 månad digitalt kr 165,-

For levering utanlands, ver vennleg å ta kontakt på tlf. 52 78 68 00 eller abonnement@ryfylke.net

Abonnementvilkår for avisa Ryfylke:

For abonnentar av Ryfylke gjeld desse kjøps- og abonnementsvilkåra:

Abonnementet femner om papiravisa, digitalt via datamaskin, mobiltelefon og nettbrett for deg og husstanden din. Det er viktig å merka seg at den juridiske eigaren av abonnementet er den som har teikna det. Det tyder at Brukar-ID og passord til Ryfylke sine digitale produkt ikkje må delast med andre enn dei som er i abonnenten sin eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse. Standard tilgang er eit avgrensa tal på påloggingar.

Dersom ein deler brukar-ID og/eller passord med andre, eller på andre måtar utnyttar Ryfylke sine tenester, har avisa straks høve til å stenga abonnenten sin tilgang til desse. Abonnenten vil då mista tilgangsretten til dei produkt og tenester ein måtte ha kjøpt tidlegare.

For å avdekka mogeleg misbruk vil det verta henta ut rapportar frå bruken.

Abonnementet skal betalast på førehand og gjeld til det vert sagt opp. Manglande betaling vert ikkje rekna som oppseiing.Ryfylke vil senda abonnementsrekning i god tid før forfall.Dei som tingar abonnement må vera over 18 år.Alle prisane gjeld levering av avisa i Norge. Utanfor landegrensene gjeld særskilde vilkår.Det er viktig å merka seg at papiravisa kan stoggast mellombels – eller omadresserast i ferien, men abonnementet vil gjelda til full pris uansett. Abonnentane har ved mellombels stopp i leveringa av papiravisa likevel tilgang til dei nye plattformene.

Avtalt leveringsstad må merkast godt slik at avisbodet finn fram. Dersom tilhøva ligg til rette for det, kan avisa etter avtale leverast ein annan stad enn postkassen til abonnenten. Ryfylke tar i slike tilfelle atterhald om at leveringsstaden seinare kan bli endra. Skal avisa koma fram i rett tid og leverast på rett stad, må abonnenten syta for tilstrekkeleg lys og brøyting. Arbeidsmiljølova gjeld òg for avisboda. Omberinga må stoppast dersom tryggleiken ikkje er god nok. Aviser blir distribuert gjennom Posten og med Posten sine leveringsvilkår. Det kan henda at uføresette ting kjem til og fører til sein levering. Det kan skuldast sjukdom, uvêr, kraftig snøfall, produksjonsproblem med vidare. I dag også samanbrot på nettet, internt, så vel som eksternt. Og me ber om forståing for at slike problem i verste fall kan oppstå. Då kjem også spørsmålet om erstatning opp. Og då er det slik at abonnenten pliktar å melda frå om manglande eller feil levering innan rimeleg tid. Ryfylke si plikt til erstatning er avgrensa til den perioden det er gjort feil, og prisen på abonnentet i tilsvarande periode, anten det er papirleveranse eller nett. Manglande papiravis vil verta etterlevert innan rimeleg tid.

Endringar i adresser til abonnentar må me ha seinast kl. 13.00 på tysdagar.

Ryfylke tek atterhald om at det kan verta endringar i avisproduktet, og kan i ut frå dette ta vekk, eller koma med nye tilleggsprodukt.Det vert òg teke atterhald om endringar i vilkåra for abonnement.

Abonnementet kan seiast opp kva tid som helst via min side, eller ved å kontakta oss.

Opphavsrett

Alt offentleggjort materiale, dvs. tekstar, artiklar, nyhende, fotografi, grafikk og anna, vert gjort tilgjengeleg for vising og lesing. Abonnenten kan lasta ned, og skriva ut ein einskild kopi av materialet til eige bruk. All annan bruk, kopiering, distribusjon eller vidaresal av innhaldet i Ryfylke er forbode.

Powered by Labrador CMS