Lesarinnlegg

Lesarinnlegget er innsendt av Harald Hansen.
Lesarinnlegget er innsendt av Harald Hansen.

Ammoniakkfabrikken: – Høgre må støtta næringsutvikling og Sp må jobba for distriktsutvikling

Publisert Sist oppdatert

Kvifor skal enkelte lokalpolitikarar og motstandarar av etableringa drive rikspolitikk, når dette med straum ikkje er ei sak dei har noko form for styring eller kontroll over? Her må me gripa muligheitene som er her og nå, ellers går toget frå oss, med det ryktet dei då har skapt om Sauda. Eg undrar meg også over Høgre som skal vera det partiet som burde jobba for all etablering, og støtta opp om dei arbeidsplassane som blir skapt innanfor og utanfor ein eventuell fabrikk på Birkeland. Hadde eg vore en bedriftseigar i Sauda, hadde eg vore mildt sagt forbanna når Høgre jobbar imot på den måten der. Når det gjeld dette partiet har eg også ein følelse av at det ikkje er leiinga, men enkeltmedlemmer som styrer leiinga og dei vala partiet skal ta. Senterpartiet, som er et såkalla distriktsparti, har dessverre, slik eg ser det, overløparar» som jobbar imot distriktspolitikken sin. Dei jobbar imot etableringa av ein fabrikk som vil gagne Sauda godt inn i framtida, anten det blir ammoniakkfabrikk eller annan produksjon der oppe. Desse bør vurdera å ikkje stilla til gjenvalg, slik eg ser det. Og, blir det ikkje ammoniakkproduksjon på Birkeland, så står det muligens ein splitter ny fabrikk der oppe, som kan brukast til så mykje meir – slik som smelteverket har måtta omstilla seg frå tenkt produksjon den gongen marknaden gjekk ned, til den var ferdig til dagens produksjon.

Ei siste sak er dette hylekoret» om evakuering, viss det skulle gå gale. Kva skal brannvesenet i Sauda stilla opp med», blir det sagt. Vel, eg reknar med at diverse sentrale styresmakter set seg ned med lokale styresmakter og finn ei god løysing på akkurat dette.

Ingen får lov til å etablera ein slik fabrikk eller ein annan fabrikk i dag utan at dette er blitt risikovurdert opp og ned i mente. Og skulle dei mislukkast, er det jo ganske så mange på Facebook og i andre sosiale medier som veit betre, og som ein då bare kan ringa.

Harald Hansen

Powered by Labrador CMS