Lesarinnlegg
– Ein gong saudabu, alltid saudabu
I arbeidsuka i Ryfylke på ungdomsskulen hugsar eg ein diskusjon rundt lunsjbordet som har festa seg: Kan me seie at dei som har flytta ut framleis er saudabuar? Svaret som sit sterkast i minnet er: “Ein gong saudabu, alltid saudabu”.
Dette sitatet kjennest framleis riktig. Med ein kvardag i Oslo og arbeidsplassen på Ullevål melder heimlengselen seg jamleg. Naturlegvis følgjer ein med på det som skjer i Sauda, og planane om ammoniakkfabrikken vekkjer både engasjement og bekymringar.
Debatten har alt handla mykje om fordelar og ulemper. Likevel føler eg at eit vesentleg perspektiv manglar: korleis vala me gjer er påverka av ubevisste psykologiske mekanismar. I talen “The Psychology of Human Misjudgment” skildrar Charlie Munger korleis slike mekanismar, sjølv om dei i fleire tilfelle er nyttige, ofte fører til systematiske feilslutningar – særleg i krevjande val. Hensikta med dette innlegget er å belyse eit utval av desse mekanismane, og knyte dei til sjølve prosessen rundt vurdering og beslutning av ammoniakkfabrikken.
Mest undervurdert er tendensen til å la seg styre av insentiv. Økonomiske mål driv sjølvsagt ei utbygging, og også enkeltpersonar involvert. Eit treffjande sitat i den sammenhengjen er: Det er vanskeleg å få ein mann til å forstå noko når lønna hans avheng av at han ikkje forstår det». Dette viser kor sterkt økonomiske insentiv kan påverke vurderingane våre, ofte utan at vi sjølve merkar det.
Ein annan tendens er påverknaden frå autoritetar. Denne mekanisma er utbredt, og har blant anna vært årsaken bak flyulykkjer, der assistentpiloten har gjort kapteinen oppmerksam på feil, men kapteinen benektar det. Vidare aksepterar assistentpiloten det fordi kapteinen har autoritet, med flystyrt som følgje. Fleire studier underbyggjar desse samanhengane. Dette illustrerer kor lett me kan setje vår eigen tvil til side når ein autoritet uttrykker det motsette.
Når eit komplekst tema som ammoniakkproduksjon vert presentert av ein utbyggjar med autoritet og knytt til positive assosiasjonar som grønt skifte» og berekraft», vert menneske automatisk meir påverka. Manglar me inngåande kunnskap, er det lett å søkje bort frå tvil og leggje mest vekt på informasjonen som er lettast tilgjengeleg. Dette har særleg betydning for dei som sit med det store beslutningsansvaret. For politikarar som kjenner på usikkerheit, skaper dette eit betydeleg stressmoment, som gjer seg endå meir gjeldande.
Kva er vidare årsakar til at standpunkt ein tek i starten vert sterkare heller enn nyanserte? Ei forklaring er at menneske har ein tendens til å unngå inkonsistens og difor held fast ved tidlegare val. Den tidlegare amerikanske samfunnsøkonomen John Kenneth Galbraith sa “møtt med valet mellom å endre meininga si eller bevise at det ikkje trengs, vert nesten alle opptatt med beviset”. Endå meir sentralt i dette er behovet for sosial bekreftelse. Når meiningar vert uttrykt offentleg, til dømes i media, blir det endå vanskelegare å snu utan å miste ansikt. Dette medfører eit ubehag som gjer at me ubevisst held fast ved det opphavlege standpunktet.
Dette kjem også tydeleg fram i stemmeprosessar. Når avgjerder blir tekne anonymt, gir det større tryggleik for at stemmane speglar det personar faktisk meiner. I opne prosessar derimot, er risikoen større for at stemmane vert farga av behovet for sosial bekreftelse – det å halde fast ved eit offentleg uttrykt standpunkt.
Vidare viser Munger fleire historiske eksempler der disse mekanismene, blanda med begrensa etiske hensyn, har ført til større samfunnsrelaterte kriser, eller nedslåande irreversible utfall for enkeltpersonar. Eit tydeleg element i hans budskap er: Ein treng å bli bevisstgjort kva moglege følger av handlinger kan vere. Er desse i våre interesser?
Dette leiar vidare til ei siste, avsluttande betraktning om risiko. Eit treffande sitat seier det slik: “Viss du risikerer noko som er viktig for deg, for noko som ikkje er viktig for deg – det gir berre ikkje meining.” Her ligg kjernen i risikovurdering: mange undervurderer dei langsiktige og meir usikre konsekvensane, fordi kortsiktige gevinstar verkar meir konkrete. Arbeidsplassar er blant argumenta som vert brukt i diskusjonen. Er desse viktigere enn interessene som ligg bak tryggleik i lokalsamfunnet, eller usikre følger ved utbygging av fabrikk?
Kun eit rasjonelt og verkelegheitsnært utgangspunkt – der ein samstundes minimerer feilutslag som følgjer av desse mekanismane – kan gi eit truverdig grunnlag for avgjerda.
Erland Hoff Sommerstad Thomassen