Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lesarinnlegg

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

EU-debatten i Ryfylke hausten 1994

Publisert Sist oppdatert

Den nasjonale EU-debatten i 94 blir ofte omtala som svært polarisert. I ein samtale blei det nemnt at det også var god fart i debatten i Ryfylke, då kunne eg ikkje dy meg. Eg fekk tilgang til Ryfylke sitt digitale arkiv og las gjennom aviser frå slutten av juni 1994 då det blei bestemt at det skulle avhaldast folkerøysting og fram til sjølve høgdepunktet i slutten på november same året. For ein som berre var 8 år gamal på dette tidspunktet var det både lærerikt og underhaldande å lesa.

Før eg går gjennom trendane og nokre høgdepunkt i Ryfylke-debatten, er det nyttig med bakgrunnsinformasjon. I 1992 vedtok eit fleirtal i Stortinget (Ap, H, FrP) å starta medlemsskapsforhandlingar med EU. Ein klar parallell til i dag var at Europa nettopp hadde gått gjennom ei stor forandring. I 1992 hadde Sovjetunionen kollapsa, og jernteppet var historie. Akkurat som etter Putin sin invasjon av Ukraina 24. februar i år, var verda brått forandra.

Ein viktig skilnad er derimot at verda tilsynelatande blei tryggare utan Sovjetunionen. Den kjende statsvitaren Francis Fukuyama proklamerte at det liberale demokratiet hadde sigra. I dag veit me at det (foreløpig) ikkje gjekk slik, og stemninga er med god grunn langt frå optimistisk. Demokratiet er under press, sjølv i vår del av verda. Russland er igjen styrt som eit klassisk diktatur, og Kina har lenge vore på veg i same retning. På toppen av dette har angrepet på Ukraina på ny gjort Europa til ei slagmark.

Dei viktigaste argumenta for Ja-sida i 1994 var nettopp internasjonalt fredsarbeid, solidaritet med fattigare land i EU, og det å etablera eit alternativ til USA som på dette tidspunktet var verdas ubestridte stormakt. Det blei også argumentert for at Norge uansett blir påverka av EU, og det er betre å ha innverknad på innsida enn å vera passiv mottakar på utsida. Det mest kontroversielle Ja-argumentet var nok at Norge måtte inn for å sikra arbeidsgjevarane sine interesser. EU fekk med dette rykte som ein marknadsliberalistisk rikmannsklubb.

Nei-sida la mest vekt på nasjonal sjølvråderett. Forenkla sagt betyr det at Norge skulle bli styrt frå Oslo, ikkje frå Brussel. Dessuten mangla EU demokratisk legitimitet, og EU var i stor grad styrt av byråkratar. I tillegg kunne ein marknadsliberal organisasjon svekka arbeidarane sine rettar. Økonomiske interesser ville stå i vegen for klimakampen, som den gong handla meir om forureining enn global oppvarming. Å beskytta den norske kulturen var eit siste argument.

Ja-argumenta hadde aldri ein sjanse.

Korleis var dekninga av EU-debatten i Ryfylke hausten 1994? 28. juni står ein annonse frå Utanriksdepartementet på trykk. Den informerer om folkerøysting fem månadar seinare. Folk som har interesse, kan ringa grønt nummer»(gratis) og bestilla ein kortversjon av Stortingsmelding 40 med tittelen Om medlemskap i Den europeiske union». Eg fann den lange versjonen på internett og kan melda at regjeringa nok ikkje gjorde valet enklare for publikum. Til høgre for annonsen presenterer Ryfylke hitlista i Sauda den veka. På topp? Alt for Norge» med Drillos. Ja-argumenta hadde aldri ein sjanse.

Alt veka etter er første lesarinnlegg på trykk. Eit medlem av Europabevegelsen som interessant nok bur i Oslo, skriv at medlemskap vil sikra innverknad i EU. Seinare i juli melder Ryfylke at folk og fe» møtest på Etnemarknaden der det blir debatt mellom leiaren i Norges bondelag og leiaren i Europabevegelsen. Avisa tar ikkje stilling til kven av dei som er fe.

Neste innlegg kjem ikkje før i slutten på august, men då blir det til gjengjeld satsa kraftig. Eit medlem av Europabevegelsen melder at Norge blir kapitalismens fyrtårn» utanfor EU. Dersom nordmenn ikkje stemmer for EU, vil kapitalen framforhandla særskilt gode vilkår for å kompensera for tapt konkurranseevne.

6. september melder Ryfylke på leiarplass at så langt har EU-debatten lege på eit lågmål. Svart-kvitt tenking, slagord og mistenkeleggjering av alle som ikkje deler eins eige syn, er det dominerande.» I same utgåve er det sekretær Dag Terje Andersen frå Ap som skal møte stortingsrepresentant Ola D. Gløtvold frå Sp til EU-debatt på kinoen. Kanskje dei kan løfta debatten?

Tre dagar seinare er overskrifta i avisa EU-debatt for tomme benkerader.» Berre 28 personar møtte opp, og det var visst like greit, om me skal tru journalisten: Med velkjende argument og gjensidige skuldingar om å fare med skremselspropaganda gjekk dei som ikkje kom, neppe glipp av særleg mykje.» Ryfylke sin utsende var også skuffa over at debattantane ikkje hadde særleg gode svar på korleis eit EU-medlemskap ville påverka saudasamfunnet.

I midten av september har Nei-folk funne storformen. Åtte artiklar med Nei-argument blir presentert for lesarane i siste halvdel av månaden. EU stenger dei fattige i resten av verda ute av Europa, er eit argument. Eit anna slagord oppmodar folk å førehandsstemma NEI for å unngå svenskesuget». Svenskane skulle nemleg stemma før Norge, og Nei-sida var redde for at eit JA hos svenskane ville overbevisa nordmenn til å gjera det same. Eit anna argument åtvarar mot fagforeningsknusing av thatcheranske dimensjonar om Norge går med i EU.

Same månad vil Nei-sida arrangera Folkereising mot EU». Dei hadde sikra ekstra billige billettar med båten til Stavanger for folk som vil delta på folkemøte der. Men i slutten av månaden melder Ryfylke på framsida at turen er avlyst på grunn av dårleg oppslutning. Gong på gong i EU-debatten har me måtta innsjå at det ikkje er lett å få folk engasjerte» sa ein skuffa organisator til avisa.

Nei-sida dominerer likevel i Ryfylke fram til folkerøystinga. I oktober og november publiserer avisa 25 artiklar med argument mot medlemskap og 10 med argument for. Ein serie artiklar handlar om korleis EU-marknaden vil påverka kraftprisane (Har du høyrd den debatten før?). Andre artiklar dekker alt frå landbruket til høgrepolitikk i Sveits.

At frontane var harde, er tydeleg. Når leiaren for Ja til EU blir oppfordra til å seia noko positivt om Nei-folk, svarar han: Dei greier å halde maska når dei lyg folk opp i ansiktet.” Andre blir skulda for å ha meir engasjement enn kunnskap. Ryfylke uttrykker bekymring på leiarplass ti dagar før folkerøystinga og fryktar at EU-diskusjonen vil bidra til eit nymotens fenomen dei kallar politikarforakt. Den som søker svar hos politikarane våre, leitar truleg til fånyttes. Der kan ein få nett det svaret ein sjølv ønskjer, ut frå eige hjarta og sinn, alt etter kven ein vil låna øyra til. Fakta ser ikkje ut til å vera fakta lenger – to pluss to er ikkje fire – i alle høve ikkje før 28. november.” Sitatet illustrerer at ein eventuell ny norsk EU-debatt må baserast på fakta og grundig argumentasjon i staden for slagord.

[Figur 2 her

At Norge stemte Nei til EU i 1994, veit dei fleste, men korleis gjekk det med valet lokalt? Kartet i Figur 2 viser JA-stemmar i prosent i alle kommunane i Rogaland. Kartet viser at folk på Finnøy (14 prosent), Bjerkreim (16 prosent) og Hjelmeland (18 prosent) var mest negative til medlemskap, medan over 50 prosent stemte JA i Stavanger, Haugesund og Sandnes. Sauda ligg ein stad midt mellom ytterpunkta, med ein JA-andel på 37 prosent, medan nabokommunen Suldal låg på 22 prosent. Tala er eit tydeleg døme på statsvitaren Stein Rokkan si sentrum-periferi akse i norsk politikk. Omgrepet skildrar politisk konflikt mellom dei største byane og distrikta i Norge. I EU-debatten i Ryfylke er det innslag av det Rokkan omtalte som den motkulturelle periferien som er opptatt av å bevare distrikta sine tradisjonelle verdiar og den klassepolariserte periferien som er tufta på klassekamp (arbeidarar mot bedriftseigarar).

Ukraina-krigen er eit vegkryss, skal me ta ein ny debatt?

Ryfylke oppsummerer hausten i første desemberutgåve: Det skal bli spanande å følge med framover. Blir det slik Anne [Enger Lahnstein] sa, eller var det Gro [Harlem Bruntland] som hadde rett? Sikkert er det at måndag 28. november 1994 var eit vendepunkt i norgeshistoria. Da valde me vår veg inn i framtida, ein veg ulik våre naboar.”

Ukraina-krigen er eit vegkryss, skal me ta ein ny debatt?

Powered by Labrador CMS