Lesarinnlegg

Asbjørn Birkeland er kommunestyrerepresentant i Sauda for Senterpartiet.
Asbjørn Birkeland er kommunestyrerepresentant i Sauda for Senterpartiet.

– Kvifor treng Sauda fleire industriarbeidsplassar?

Publisert Sist oppdatert

Det nærmar seg kommunestyrebehandling av reguleringsplanen for ein ny fabrikk på Birkeland. Debatten rundt industrietableringa har dreia seg om tryggleik for samfunnet rundt fabrikken, straumforbruk og påverking av straumprisar, trua på ammoniakk som framtidig drivstoff for skipsfarten og nå sist byggehøgder for industrianlegget. Svært få ser ut til å vera opptatt av kvifor Sauda, i eit tiår nå, har jobba for å få ny industri og nye industriarbeidsplassar til Sauda.

Sauda er bygd på industri, og samanhengen mellom industriarbeidsplassar og utviklinga i samfunnet er svært synleg i Sauda. I takt med færre industriarbeidsplassar har tenestetilbod, folketal og kommuneøkonomi svekka seg. Dette var årsaka til at Sauda kommune fekk omstillingsstatus, til tross for at me ikkje har hatt ei spesifikk nedlegging eller krise som dei fleste andre omstillingskommunar. I omstillingsarbeidet fekk me gode analysar på kva som er årsaka til nedgangen, men og kva som må til for å motverka dei nedgåande trendane. Me måtte jobba for fleire industriarbeidsplassar, då desse skapar ringverknader og arbeidsplassar i heile samfunnet.

For å få til ny industri må Sauda satsa på våre fortrinn. Og kva er fortrinna om ein vil etablera ny næring i Sauda? Jo, det er to store fortrinn; tilgang på kraft og industrikompetanse. Det er to gode eksemplar på dette i Sauda og det er Saudefaldene og Eramet. Alle i Sauda bør forstå at den verdiskapinga som skjer, og dei arbeidsplassane desse to bedriftene skapar, får ringverknader langt utanfor kontordørene og fabrikkportane deira. Industribedrifter kjøper varer og tenester av lokalt næringsliv, og dei som jobbar for bedriftene direkte og indirekte bidreg med kjøpekraft og opprettheld tilbodet som kjem alle i Sauda til gode.

Tilgang på kraft er eit fortrinn som sentrale myndigheiter jobbar iherdig for at fleire skal få. Me er nå inne i eit kappløp om kvar krafta skal brukast. For Statnett jobbar for å kunna transportera denne ut av Sauda slik at andre får same tilgang som oss. Me er i ferd med å miste dette fortrinnet. Eg meiner me som lokalpolitikarar har eit ansvar for å få omdanna krafta til verdiskaping og arbeidsplassar i Sauda, sjølv om ein ikkje er einig i den nasjonale straumpolitikken. For å setta det på spissen; du kan vera mot utanlandskablar, men jobba for at om dei kjem så skal omformaranlegget ligga i din kommune. Det same gjeld for ammoniakkproduksjon, om Norge skal ha slike fabrikkar så er det bra at ein av dei ligg i Sauda.

Eit samla kommunestyre har jobba for ny industri når kommuneplan, næringsplan og uttalar til regionale planar er blitt vedtatt. Det er eit langsiktig og målretta arbeid som har trekt norsk og utanlandsk kapital til Sauda. Det er ikkje slik at bedrifter står i kø for å investera i Sauda. Me har gjort ein formidabel jobb for å få dei til å vurdera oss som ein plass å investera pengane sine. Og skal nokon investera pengar, så skal dei sjølvsagt ha avkastning på investeringane sine, akkurat slik som eigarane av Saudefaldene og Eramet har hatt i over 100 år. Men saudasamfunnet vil få mykje igjen av dei 10 milliardane som skal investerast, det har historia vist.

Iverson eFuels og eigarane bak har allereie investert fleire hundre millionar i den reguleringsplanen som ligg til behandling. Pengane er brukt på tilsette og konsulentar som har jobba med konsekvensutgreiingar, grunnundersøkingar, havbotnundersøkingar og planlegging av anlegget. Og mykje av pengane er lagt igjen i Sauda i hotell- og serveringsbransjen blant anna. Mange hevdar at dette er pengar som kjem frå det offentlege i form av subsidier. Utanom støtta frå Ulla Førre-fondet på ti millionar, som me var med på å henta inn for å få prosjektet i gang, har eg ikkje sett at Iverson eFuels har fått noko offentleg støtte, og beløpet frå Ulla Førre-fondet var ikkje i nærheita av dei beløpa som er brukt i Sauda. Berre byggesaksgebyret til Sauda kommune nærmar seg ein million kroner.

Kommunestyret i Sauda kan ikkje vedta at det skal etablerast ny industri i Sauda, men der saka om ammoniakkfabrikk står nå kan dei vedta at det ikkje blir bygd noko ny industri. Eg håpar kommunestyrerepresentantane som vil stemma imot ein reguleringsplan veit kva dei seier nei til. For om det ikkje blir arbeida vidare med ammoniakkfabrikk, så er vegen til å tiltrekka seg ein ny aktør som vil investera i Sauda svært lang. Eg er sikker på at ny industri vil vera bra for Sauda og kjem til å stemma ja til planen i kommunestyremøtet på måndag.

Asbjørn Birkeland
Senterpartiet

Powered by Labrador CMS