Den gamle rutebilbussen i Sauda kan bli berga:
Rutebilen har kjørt opp kaien…
Denne rutebilen vart sett i drift på Sauda-ruta i 1960 og fekk ei lang tenestetid, Nå er den berga frå vind og vêr i Sveio.
Alt skal slitast over, jeg skal dra
Rutebilen har kjørt opp kaien
Munnen strevar med eit tungt nana
Øya ser den andre veien
Slik heiter det i første vers av diktet Skipsekspedisjonen» av Kjartan Fløgstad – tonesett på uforlikneleg vis av Reidar Brendeland. Saman har desse skapt ei verkeleg perle til vedvarande glede for meg sjølv – og garantert for mange andre.
Rutebilen som køyrde opp kaien var i alle fall ein HSD-buss, av merke Scania-Vabis med registreringsnummer L 9022. Denne vart sett i drift på Sauda-ruta i 1960 og fekk ei lang tenestetid i HSD-bilane – like til 1980. I 1960 budde me i Rådhusgata 18 – eg trur det var i øvste etasje – med fiskehandlar Brendemo og Sauda Tobakk & Cigarforretning» på hovudplanet. Aase Fløgstad er ein person eg alltid vil minnast med glede. Av andre ting som hende i 1960 var at bror min, Hallgeir, vart fødd, sjefen for dei gode tidene», direktør Harald Blegen, døydde og Kjartan Fløgstad hadde sin første arbeidsdag på fabrikken. Tone Årtun var passepiken» min – og eg har skriftleg attest på at eg var snill og grei og alltid gjorde som ho sa – utan protest.
I Vindafjord finn me ein entusiastisk gjeng med i hovudsak pensjonerte HSD-sjåførar – Vindafjord Veteranbusslag. Dei held til på det som tidlegare var Moldesæther Bilverksted i Skjold. Her møtest dei kvar onsdag for å mekka» buss. Føremålet er å restaurera og å ta vare på busshistoria til HSD-bilane. Dei er i mål med ein buss frå 1975 – mykje brukt i Odda-ruta. Men nå har dei til og med greidd å spora opp rutebilen (som) har køyrd opp kaien». Denne vart funnen i forkomen tilstand i Valevåg i Sveio. Dette er det gjort nærare greie for i eit informasjonsskriv frå laget – Veterannytt» nr. 4 2023 – forfatta av Svein Elling Austbø. Bussen var liten – 32 seter. Likevel var sjåførane urolege. Var denne bussen eigentleg for stor for Sauda-ruta og standarden som då var på Dollarvegen, men også på andre deler av strekninga?
Mi erfaring med denne bussen – som altså har vunne seg ein varig plass i litteraturen – var reisene til og frå Skjold om somrane. Sjølv om me budde i Rådhusgata, seinare i Parkvegen, hadde me hele tida hus i Skjold der me budde i far sine feriar (og litt til). Eg syntest at desse bussturane verka endelause. Dessutan måtte me ta tablettar mot bilsjuke (det var det god grunn til). Men desse smaka regelrett pyton og mor prøvde å kamuflera dette ved å blanda desse saman med syltetøy – utan vidare suksess. Eg har ennå eit brett med det forferdelege produktet Allergin-Coffein» med åtvarande påskrift Må ikke brukes av førere av motorkjøretøyer». Dette seier vel det meste om desse pillene.
På vei til bok og lesesalar …»
heiter det i ei av verseline i diktet. Og i nokre av dei siste tenesteåra i HSD-bilane var det nett dette som var hovudoppgåva til denne bussen – å frakta gymnaselevar til bok og lesesalar» – som skulerute frå Skjold til Haugesund.
Men nå er altså det som er att av L 9022 berga frå vind og vêr i Sveio – og er kommen under tak i Skjold. Kanskje vil denne rutebilen ein gong bli som han var i 1960?
Inghart Lasse Tveit, Skjold