Lesarinnlegg

Lydanlegget i Saudasjøen kapell er framleis ikkje slik det skal dere, skriv Signy Christensen.
Lydanlegget i Saudasjøen kapell er framleis ikkje slik det skal dere, skriv Signy Christensen.

Saudasjøen kapell – ennå ein gong

Det er vanskeleg å forstå at til tross for fleire varslingar er det ennå problem med lydanlegget i Saudasjøen kapell.

Publisert Sist oppdatert

Så langt eg huskar, har det aldri fungert optimalt. Det beror på kor ein sit i salen. Enkelte stader høyrer ein rimeleg bra, medan andre stader er det taust.

Ein utflytta saudabu kom med eit tilbod om eit anlegg , men om det vart benytta er ukjent for meg. Trur lyden var noko betre i ei tid då.

Sist eg var i kapellet, høyrde eg uklart, så eg fekk ikkje samanheng verken i preika eller det øvrige. Det er variasjonar, men det er ikkje bra nok.

Ein kan spørja om problemet ligg i lydanlegget eller i manglande instruksar og opplæring. Det bør uansett verta retta.

Vidare må eg nemnda stolane. Stolane er greie nok, men står for tett. Dei passar for barn og konfirmantar. Men vaksne menn i vinterkler fyller stolane så armane finn plass i nabostolen. Er det mykje folk vert det ulidande trongt. Dette er bagatellar som bør rettast på. Med dei rette folka, kan det gjerast på nokre dugnadstimar.

Det flotte kapellet som var kjempa fram mot både politisk og lokal motstand, hadde ei lang og tung historie. Folket frå Svandal, Rød, Tveit og Amdal hadde i generasjonar følgt etter hesten med båre på vogn eller slede dei mange kilometerane til grava, i all slags vêr. Om dei var våte, kalde og svoltne, hadde dei ingen stad å koma seg under tak, men måtte gå same vegen attende.

Me er i ei anna tid, men bygda er glad i kyrkja si, og håpar problema vert løyste.

Powered by Labrador CMS