Smelteverket i Sauda i 1929.
Smelteverket i Sauda i 1929.

100 år med mangansmelteverk i Sauda – på grunn av eit mislukka forsøk

13. juni 1923 blei straumen slått på ved den første smelteomnen ved E. F. P. Co. Ltd. sitt ny-ombygde smelteverk i Sauda. At denne bedrifta hamna her, inst i ein fjord på den sørvestnorske regnkysten, var ganske tilfeldig.

Publisert Sist oppdatert

– Det var i grunnen eit mislukka eksperiment som førte til skipinga av E. F. P. Freistnaden på å framstilla aluminium ved elektrolyse lukkast ikkje. I staden blei det kalsiumkarbid. Representantar frå Union Carbide kom så over til Europa på jakt etter elektrisk kraft som ein kunne byggja produksjonen på. Ferda gjekk også til Norge, og her møtte ein interessentar for A/S Saudefaldene som samstundes var på jakt etter industriselskap som kunne nyttiggjera seg dei store kraftmengdene.

Dette fortel direktør ved smelteverket i 1973, Per Hagen, til Ryfylke i samband med 50-årsmarkeringa av starten på mangansmeltinga ved fabrikken som i dag ber namnet Eramet Norway Sauda.

Bekymra for EF-grenser

I 1921 stod fabrikkbygningane på Klubben ved Saudafjorden klare for karbidproduksjon. I mellomtida var etterspurnaden etter dette produktet så godt som forsvunne frå verdsmarknaden. Derfor gjekk ein i gang med å bygga om produksjonsanlegget for smelting av ferrosilisium og etter kvart ferromangan.

  1. juni 1923 blei den første smelteomnen, omn 2, sett i drift.

Direktør Hagen oppsummerer i intervjuet med lokalavisa kort dei 50 åra smelteverket har produsert manganlegeringar. Han påpeikar mellom anna at den billege el-krafta nær ei god hamn er årsaka til at smelteverket ligg i Sauda og ikkje i Ghana, der manganmalmen er.

Direktøren fortel vidare om opp- og nedturar i takt med konjunkturane i verdsøkonomien og om bekymringar for framtida, særleg korleis tollmurar og kvotegrenser i EF kan påverka marknaden for eit smelteverk i Norge, som nyleg har takka nei til å vera ein del av den europeiske fellesskapen.

Og om kraftprisane, der det ifølge Per Hagen er venta ein monaleg auke».

Rekruttering og investeringar

Ikkje ulikt situasjonen i 2023, hadde også 50-åringen i 1973 behov for oppgraderingar.

– Selskapet investerer som aldri før. Berre i dei siste tiåra er det nytta 80 millionar kroner til ombygging og modernisering. Og dette året vil det gå med 30 millionar kroner, opplyste Hagen.

I 1956 hadde smelteverket i Sauda 1 361 tilsette. Ved 50-årsmarkeringa i 1973 var talet 950. I dag, eller rettare sagt ved utgangen av 2022, har smelteverket 174 tilsette i tillegg til 31 lærlingar. Utanom dette kjem tilsette i andre selskap som har sitt daglege virke innanfor smelteverksporten, etter at fleire av oppgåvene som tidlegare blei utført av eigne tilsette nå er skild ut frå verksemda og sett vekk til eksterne aktørar.

Ei av utfordringane verket har arbeidd med dei siste åra, er å rekruttera tilstrekkeleg med ny arbeidskraft som vil jobba på ein gammal stor fabrikk». Dette er imidlertid ikkje noko nytt, ifølge intervjuet med direktør Hagen for 50 år sidan.

– Eit nytt problem er at me, etter kvart som den gode gamle garde takkar av, saknar tilsig av ny kvalifisert arbeidskraft. Ungdom som måtte ønska å utdanna seg i smeltesektorer, kan rekna med gode løner, sa smelteverksdirektøren den gongen – i juni 1973.

Vekst og nedgang

Produksjonsstarten ved smelteverket i 1923 markerte starten på ei tid med eit Sauda i stor vekst. Etter at folketalet hadde gått gradvis nedover tidleg på 1900-talet grunna utvandring til Amerika, snudde det brått.

I 1922 arbeidde det i snitt 28 personar på smelteverkstomta. I 1923 auka talet til 153 og heldt fram med å stiga til 668 i 1930. Etter å ha vore over 800 i 1937, går talet på tilsette ned til i overkant av 700 fram mot 1940. Etter kvart som arbeidarane slår seg til ro i Sauda, stig folketalet kraftig. Medan folketellinga i 1910 fortel om 1 405 innbyggarar i kommunen, bur det meir enn tre gonger så mange her i 1930, 4 423.

I folketellinga i 1960 blir det oppgitt å vera 6 110 saudabuar, og i 1962 når innbyggartalet i den vesle bygdebyen sitt høgaste med 6 283 personar.

Så, delvis i takt med mannskapsreduksjonane i hjørnesteinsbedrifta på Klubben, tar folketalet i Sauda til å synka. Ved utgangen av mars 2023 budde det 4 581 personar her, 1 702 færre enn i toppåret 1962.

– Det er røyken me lever av

Konsesjonsvilkåra til smelteverket kravde at det blei bygd bustader til arbeidarane. Det vaks fram ein ny bydel i Sauda etter amerikansk hagebymodell, i dag kjend som Åbøbyen. Slik gjekk det til at mange bustader i Sauda mellom anna hadde innlagt vatn og vassklosett alt på 1920-talet.

Velstandsauken som kom med fabrikken fekk saudafolk til å akseptera dei openberre ulempene ved å ha eit røykspyande fabrikkmonster liggande like utanfor sentrum.

– Det er røyken me lever av, sa ein, dels på alvor og dels på skjemt, når sola knapt kunne skimtast som ei dus, gul lyspære bak eit tjukt røykteppe på stille godvêrsdagar.

Så var det også røyken ein døydde av. På 1920- og 30-talet mista nær 200 saudabuar livet som følge av ein dødeleg lungebetennelse. Dei fleste innsåg og visste» at fabrikkrøyken kunne vera skuld i lungebrannen». Samanhengen er i høgste grad sannsynleggjort, men utan at det ligg føre noko endeleg svar med to strekar under.

Etter andre verdskrig forsvann lungebrannen, sannsynlegvis grunna betre reinsing av røyken og – særleg – at det kom effektiv antibiotika på marknaden.

Ein solid hundreåring

Det kan gjerne verka som eit paradoks at det framleis er liv laga å driva eit kraftkrevjande mangansmelteverk inst i vestnorske fjordarmar.

Eramet Norway Sauda 2021.

Ikkje bare er produksjonskostnadene høgare i Norge enn i mange andre land. Malmen må hentast frå Afrika, ein transport som gjerne tar ein månad på store bulkskip. Det aller meste av det som blir produsert blir frakta ut av landet igjen. Og straumen, hovudårsaka til at det blei bygt smelteverk i Sauda, er det i dag, hundre år etter at smelteeventyret starta, godt muleg å transportera vekk frå der krafta blir produsert.

Nøkkelen til verket sin eksistens er først og fremst ein solid vilje og evne til omstilling, om kompetanse, og om å sjå mulegheiter. Smelteverket er i dag drifta saman med smelteverk i Porsgrunn og i Kvinesdal, som saman har inntatt ein posisjon som størst i verda på raffinerte ferromanganleveringar. Eig du ein bil som er produsert i USA eller Europa, er det meir enn 50 prosent sjanse for at du har ti kilo mangan frå Eramet i garasjen.

Samtidig verkar stadig strengare miljø- og klimakrav å bli sett på som mulegheiter heller enn hindringar. Det bli investert stort i tiltak som gjer det muleg å nytta ressursane frå smelteprosessen fleire gonger og i tiltak som vil redusera klimaavtrykket betydeleg. Smelteverka har sett seg i førarsetet for det grøne skiftet og er godt i gang med planane som skal gjera verka til dei første i verda som produserer manganlegeringar med null klimaavtrykk.

Sjølv slår smelteverket i Sauda ubeskjedent fast at dei skal vera best – og at dei er klare for nye 100 år.

Kva mangan blir brukt til? Det er ein heilt nødvendig ingrediens i stål.

Kjelder:

Arnvid Lillehammer: Soga om Sauda IV (2002)

Ryfylke 13. juni 1973

Over 100 år med smelteverksdrift i Sauda.
Powered by Labrador CMS