Då nærpolitireforma vart innført i 2015, måtte 122 kontor stengje dørene. No er det mange kommunar som ikkje ønskjer seg tilbake til tida før reforma.
Heiko Junge / NTB / NPK
133 kommunar vil ikkje ha tilbake eige politikontor
Det kjem fram etter ein ringerunde NRK har gjort i Vest politidistrikt. Der er det berre Årdal kommune som vil ha attende politikontoret dei hadde før politireforma.
Då nærpolitireforma vart innført i 2015, måtte 122 kontor stengje dørene. Mønsteret som no teiknar seg på nasjonalt nivå er likevel det same som på Vestlandet, ifølgje NRK: Kommunane ønskjer seg ikkje attende til tida før reforma, då mange politifolk i distrikta til dømes gjekk helgevakter åleine. I ein høyringsrunde initiert av regjeringa, svarte 133 kommunar at dei ikkje vil ha eige politikontor, medan 32 kommunar vil.
(NPK)