Det bur 39.788 færre på landbrukseigedommane her i landet enn det gjorde i 2015.
Kari Hamre / NPK
39 788 færre personar på norske gardar
Nationen har fått innsyn i dei ferskaste talt som viser utviklinga av busetjinga på landbrukseigedommane.
Om ein samanliknar med tilstanden i 2015, har det skjedd store endringar. Talet på personar busette på ein landbrukseigedom har i løpet av åra gått ned med nesten 40.000 individ – frå 389.683 til 349.895.
Det utgjer eit fall på over 10 prosent.
Men medan det altså blir stadig færre personar og bedrifter, veks gardane i storleik. I 2015 var det gjennomsnittlege jordbruksarealet 234,7 dekar. I fjor låg det på 258,6 dekar, noko som utgjer ein vekst på 10 prosent.
(NPK)