Fleire betalar med mobiltelefonen.
Terje Bendiksby / NTB / NPK
Annankvar nordmann har betalt med mobilen
Ei undersøking utført av betalingsleverandøren Nets, viser at halvparten av befolkninga i Noreg har brukt mobiltelefonen til å betale i fysiske butikkar.
Åtte av ti unge mellom 18 og 39 år bruker mobiltelefonen til å betale i fysiske butikkar. Litt under halvparten av alle i alderen mellom 40 og 59 har brukt mobilen, medan ein av fire over 60 år har gjort det.
– Vi trur at fleire eldre vil bruke mobilen som betalingsløysing etter kvart som marknadsføringa når dei, og at dei får hjelp til å setje i gang med mobilbetaling. Undersøkinga viser at dei eldre som handlar med mobilen grunngir valet med at det er raskt og komfortabelt. Dei skal berre dyttast fint i gang, seier leiar av nordisk e-handel Nets Johanna Tell.
I 2023 var talet på personar som hadde brukt mobiltelefon på under 15 prosent, i 2024 var talet på 30 prosent.
– Vi trur at dette berre er starten på store endringar for betalingsløysingar. Spesielt spennande blir det korleis ulike kundeklubbar kjem til å påverke betalingsmåtar dei neste åra, seier Tell.