Det blei levert 450 millionar liter kumjølk til Tine i første tertial, 39 millionar liter mindre enn i fjor.
NPK
Auka inntekter og lågare produksjon for Tine
Tine hadde ein vekst i salsinntektene på 8 prosent drivne av prisaukar i alle marknader for å møte eit historisk høgt prisnivå på varer og tenester, opplyser selskapet i ei børsmelding torsdag.
Samtidig melder selskapet om volumfall i alle verksemder i ein marknad som blir prega av meir prismedvitne forbrukarar og vriding mot lågpris.
Det vart levert 450 millionar liter kumjølk til Tine i første tertial. Det er eit fall på 39 millionar liter samanlikna med same periode i fjor.