Ein treng fleire sjukepleiarar i distrikta. Korleis ein skal få dei til å vilja bli verande der, er det store spørsmålet.
Gorm Kallestad / NTB NPK
Auka løn åleine får ikkje sjukepleiarar til å bli i distrikta
– Sjukepleiemangelen er stor og aukande, og det skjer ei urbanisering der dei unge og arbeidsføre flyttar inn til byen, seier leiar for Nasjonalt Senter for Distriktsmedisin (NSDM) Anette Fosse til Nationen.
Ifølgje bedriftsundersøkinga til Nav frå 2022 manglar ein nærare 6.000 sjukepleiarar rundt om i Noreg. Spådommen er at talet kjem til å auka mykje.
Fosse etterlyser gransking av kor godt dei aktuelle tiltaka for unge som buset seg i distrikta, fungerer. Høgare løn og nedskriving av studielån er blant goda dei nyt i dag.
– Men det får ikkje folk til å bli. Me ser at det som får folk til å bli, er at det er ein god stad å jobba, at ein har god kvalitet i tenesta, høve til vidareutdanning, riktig arbeidsdeling og at ein blir anerkjend på arbeidsplassen.
Fosse seier det òg er viktig at det er tilrettelagt for eit sosialt liv og for familieliv. I tillegg har behovet i helsetenesta endra seg, med ei større brukargruppe og ei forventning om at fleire skal bli gamle heime.
– Ingen av desse tiltaka fungerer åleine, og dei må brukast i ulike kombinasjonar.
(NPK)